Skriftlig spørsmål fra Kathy Lie (SV) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:2245 (2021-2022)
Innlevert: 03.06.2022
Sendt: 03.06.2022
Besvart: 14.06.2022 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Kathy Lie (SV)

Spørsmål

Kathy Lie (SV): Ny statistikk viser at antallet barn som vokser opp i fattige familier er det høyeste siden SSB begynte å registrere dette. Å vokse opp i fattigdom er den sterkeste triggeren til psykisk uhelse for barn og unge. Det er vedtatt at barnetrygden skal holdes utenfor beregningsgrunnlaget for de som mottar sosialhjelp, men for de underlagt utleggstrekk og gjeldsordning er den en del av beregningsgrunnlaget for livsoppholdssatser.
Hva vil statsråden gjøre for at barna som vokser opp i skjult fattigdommen også får beholde barnetrygden?

Begrunnelse

Statens forskrift om livsoppholdssatser for utlegg og gjeldsordning fra den 13. juni 2014, med endringer hvert år, har gjennom mange år vært altfor lave. I tillegg er barnetrygden en del av beregningsgrunnlaget. SV mener at barn av foreldre med trekk i lønn, eller offentlig gjeldsordning ikke skal få avkortet barnetrygden, på samme måte som for barn av foreldre på sosialtrygd.
Fra 1. september 2022 får alle andre barn beholde barnetrygden siden den ikke lenger skal avkortes mot sosialhjelp. Barn som vokser opp med foreldre som er underlagt gjeldsordning vokser opp i det som klassifiseres som skjult fattigdom. Familien har som regel en tilfredsstillende inntekt, men de har høy gjeld og har lite igjen til mat, klær og fritidsaktiviteter. På grunn av den høye inntekten kvalifiserer de ikke for sosialhjelp. Barna i disse familiene lever ofte under et stort press hvor de gjør det de kan for å skjule fattigdommen. De avstår fra å gå i bursdager eller delta på aktiviteter fordi de ikke har råd til gaver eller passende klær og utstyr. Mange går med en konstant frykt for å miste hjemmet sitt. Men de blir ikke fanget opp av eksisterende tiltak for å hjelpe barn i fattige familier.
Departementet skal den 1. juli oppdatere forskriften for statlige satser som namsmenn rundt om i landet skal bruke når de beregner hva en familie trenger å leve for. Nå når prisene på helt nødvendige varer og tjenester øker langt utover det som har vært vanlig de siste årene er det viktig at endringen i forskriften tar hensyn til dette og øker tilstrekkelig slik at barna dette gjelder ikke får enda vanskeligere liv.
SV er opptatt av at samfunnet skal legge til rette for en god oppvekst for alle barn, da kan ikke staten legge sten til byrden ved å sette satsene for livsopphold på et slikt nivå at fattigdommen øker.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Den som skal ha gjeldsordning etter gjeldsordningslova eller som blir trekt i løn, trygd eller anna inntekt, kan i fylgje lova behalde det som med rimelegheit trengst av inntekta si til livsopphald. Dette betyr i praksis at ein må leve innanfor relativt stramme økonomiske rammer i den tida trekket eller gjeldsordninga varer. I forskrifta om livsopphald som representanten viser til, er det fastsett nærare kor mykje den einskilde kan behalde av inntekta si i slike situasjonar. Det finst eigne satsar både for vaksne og barn (barnetillegg), jf. § 4 i forskrifta. Til dømes vil ein familie med to barn over 11 år få behalde 24 576 kroner i månaden til forbruksutgifter etter satsane som gjeld i dag. I tillegg til livsopphaldssatsane kjem buutgifter og eventuelle utgifter til barnehage, SFO og liknande. Det kan òg gjevast eit tillegg for særleg høge utgifter til straum, transport, sjukdom mv. Satsane vert regulert kvart år i samsvar med konsumprisindeksen.
Satsane for barn er delt inn i tre grupper etter alderen på barnet. Til dømes er den gjeldande satsen for dei eldste barna på 4 948 kroner i månaden. Det er rett at barnetrygda er rekna inn i desse summane, slik representanten peiker på. Men som eg har gjort nærare greie for nedanfor, betyr ikkje det at dei som har gjeldsordning eller trekk i løn mv. kjem dårlegare ut enn om barnetrygda vert halden utanfor. Handsaminga av barnetrygda har ikkje noko å seie for kor mykje familien blir sittande att med til livsopphald, då barnetillegget er utmåla med omsyn til at barnetrygda er med på inntektssida.
Det er fleire årsaker til at barnetrygda vert handsama på denne måten. For det første er desse midlane nettopp meint å skulle brukast som eit bidrag til å dekkje utgiftene med å fostre opp barn, slik mellom anna lova om barnetrygd slår fast. Satsen skal såleis dekke dei samla utgiftene til dette. For det andre at er det viktig i denne typen saker å synleggjere alle inntekter og utgifter.
Eg vil og peike på at gjeldsordningslova òg elles bygger på dette «bruttoprinsippet». Derfor er til dømes bustønad, underhaldsbidrag til barn, samt grunn- og hjelpestønad mv. òg teke med på inntektssida. Bustønaden blir rekna som eit bidrag til å redusere bukostnadene, underhaldsbidrag og barnetrygd skal vere med på å dekkje utgiftene til å fostre opp barnet, grunn- og hjelpestønad skal bidra til å dekkje sjukdomsutgifter mv. Framgangsmåten er som nemnd mellom anna valt for å synleggjere alle inntektene til den som har gjeldsordning eller trekk. Dette er viktig for både namsmyndigheita og kreditorane. Men denne framgangsmåten gjer altså ikkje at nokon kjem dårlegare ut enn om barnetrygda haldast utanfor anna inntekt. Om barnetrygda skulle haldast utanfor, måtte òg barnetillegget vere lågare.
Sidan dei ulike måtane å handsama barnetrygda på ikkje har noko å bety for kor mykje dei som har trekk i løn mv. eller gjeldsordning sitt att med, synes eg det er vanskeleg å grunngi ei endring av den gjeldande ordninga slik representanten er inne på. Det viktigaste må etter mi meining vere å syte for at dei dette gjeld får behalde nok av inntekta si til å dekke behovet til barna på ein god måte, til dømes at barna til dei som slit økonomisk kan vere med på aktivitetar på fritida som andre barn mv. Men det er ein diskusjon om storleiken på satsane. Det er ikkje naudsynt å endre handsaminga av barnetrygda for å få til det.
Eg kan elles opplyse at både gjeldsordningslova og forskrifta om livsopphald no blir gått gjennom for å sjå om det er behov for endringar. Det gjeld òg storleiken på satsane for barn. Saka har nyleg vore på høyring. Her vil eg mellom anna nemne at det er føreslått ein auke i satsen for dei eldste barna – ein såkalla ungdomssats.
Eg nemner òg at dei auka prisane vi har opplevd i den seinare tida vil bli avspegla når satsane for livsopphald skal regulerast frå 1. juli i år.