Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:2280 (2021-2022)
Innlevert: 08.06.2022
Sendt: 08.06.2022
Besvart: 13.06.2022 av arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Er statsråden enig i at det er komplisert system for veteranene å forholde seg til og vil statsråden ta initiativ til eit system som hjelper veteranene meir for å få riktig pensjonsytelse?

Begrunnelse

Krigen i Ukraina minner oss daglig på kva krig er for noko. Norge har som kjent mange veteraner som har bidratt i operasjoner ute. Mange av disse opplever seinskader og mange blir uføretrygda med basis i opplevingar påført i teneste.
Å forholde seg til ulike pensjonsordninger og system er komplisert. Fleire veteraner melder om at dette er krevende å forholde seg til. Staten burde bidratt sterkere til å hjelpe veteranene til å få riktig pensjon.

Marte Mjøs Persen (A)

Svar

Marte Mjøs Persen: Regjeringa har i sin politiske plattform signalisert at den vil føre ein arbeidslivspolitikk som bygger på respekt for vanlege folks arbeid, sikre ei god løn, ei heil og fast stilling og ein trygg pensjon for alle. Regjeringa vil også anerkjenna innsatsen veteranane våre har gjort for Noreg i internasjonale operasjonar, og sørge for god oppfølging av deira helse og sosiale forhold før, under og etter teneste.
Ut frå grunngivinga representanten gjev for sitt spørsmål, legg eg til grunn at det er dei vanskane veteranane opplev med å måtte forhalda seg til fleire ulike pensjons-, trygde- og erstatningsordningar, han er oppteken av – ikkje nivået på ytingane som veteranane kan få.
Som ei innleiing kan eg nemne at veteranar i hovudsak skal få hjelp i det sivile hjelpeapparatet, på lik linje med andre. Det gjeld for eksempel i NAV og helsetenesta. I tillegg har Arbeids- og velferdsetaten i dag to spesialeiningar som yter tenester til veteranar innan ansvarsområdet til NAV: eit landsdekkjande kompetansemiljø for veteransaker i Elverum (KMV) og ein veterankontakt i Oslo og Viken. KMV er ei landsdekkjande teneste som gir råd og rettleiing til veteranar, NAV og andre aktørar. Miljøet er ein del av Forsvarets eittårsprogram og er med på samlingane som Forsvaret arrangerer. KMV er organisatorisk plassert ved NAV-kontoret i Elverum.
Når ein også tek omsyn til andre ordningar som veteranane kan ha krav på pensjon eller erstatning frå, er eg einig i at systemet er komplisert. Det består av fleire pensjonsordningar og -ytingar, som verkar saman. Veteranar og andre som har vært tilsett i statens teneste, kan ha rett til ulike pensjonsytingar frå både folketrygda og Statens pensjonskasse. I tillegg kan veteranar ha rett til ytingar frå særordningar som forvaltast av Forsvarsdepartementet, til dømes ytingar frå særskilde erstatnings- og kompensasjonsordningar. Dette inneber at dei må forhalda seg til fleire ytingar, ordningar og organ.
Eg vil be forsvarsministeren vurdere om ein bør gå gjennom dei informasjons- og rettleiingstenestene som i dag finst for veteranane på desse områda, for å sjå om dei kan forbetrast.