Alfred Jens Bjørlo (V): Meiner landbruksministeren at framdrifta i klimaavtalen med landbruket går som føresett då avtalen vart inngått i 2019, eller vil Regjeringa sett i lys av mellom anna urovekkande auke i klimautslepp frå landbruket i 2021 kalle inn til reforhandling slik avtalens punkt 8 gir høve til?
Begrunnelse
Regjeringa og faglaga i Landbruket signerte i 2019 ei klimaavtale der tiltaka skulle gje ein reduksjon i klimagassutslepp på 5 millionar tonn CO2-ekvivalentar i perioden 2021-2030. I punkt 8 av avtalen heiter det: «Dersom en av partene mener framdriften i avtalen ikke er som forutsatt, kan det kalles inn til reforhandlinger».
Ferske tal frå SSB syner at det første året i avtaleperioden, 2021, var det ein sterkt urovekkande auke i klimautsleppa frå landbruket (1,3%), på grunn av auka kjøtproduksjon og auka bruk av mineralgjødsel. Det er også usemje mellom dei to faglaga i landbruket om oppfølginga av klimaavtalen ved at det eine av faglaga ikkje lenger tilrår vidare bruk av Landbrukets Klimakalkulator, som er meint å vere det sentrale arbeidsverktøyet for å kutte klimautslepp i landbruket.
Samtidig har vi sidan avtalen vart inngått i 2019 fått ny kunnskap om kor dramatiske og raske klimaendringane er, og regjeringa har i Hurdalserklæringa auka ambisjonane for kutt i norske klimautslepp.