Liv Kari Eskeland (H): Ser statsråden at forslaget til ny lov om norske lønns- og arbeidsvilkår kan føre til at mindre gods blir frakta sjøvegen, stikk i strid med den politiske ambisjonen i NTP 2022-2033, om godsoverføring frå veg til sjø og bane?
Begrunnelse
Viser til forslaget til ny lov om norsk lønn i norske farvatn og på norsk sokkel frå regjeringa. I pressemeldinga skriv regjeringa at hovudregelen skal vere «at skip som seiler mellom norske havner skal ha norske lønns- og arbeidsvilkår».
Intensjon med lovforslaget er å fremme eit rettferdig og sømeleg arbeidsliv i norske farvatn og på norsk sokkel ved å sikre arbeidstakarar på skip norske lønns- og arbeidsvilkår. Høgre er likevel i tvil om lovforslaget treffer formålet, og er bekymra for at det vil føre til at fleire vel vegtransport framfor å frakte sjøvegen. I tillegg kan miljøet påverkast negativt. Når ei reise inn og ut av landet blir kombinert med lasting og lossing i fleire hamner langs kysten, minimerer reiarlaga ballasten. Utan oppdraga innanriks vil det vere behov for meir bruk av ballast, noko som vil gi høgare utslepp totalt. Ved lasting og lossing i fleire hamner blir dessutan utnytta kapasiteten betre og transporten blir meir effektiv.