Liv Kari Eskeland (H): Vi ber statsråden gjera greie for korleis ein tenkjer å løyse problema næringslivet opplever med svært lang handsamingstid hjå UDI for å handsame søknader om arbeidsvisum?
Begrunnelse
Vi viser til Dokument nr. 15:1270 (2021-2022), statsråden sitt var på utfordringa ein opplevde med svært lang sakshandsamingstid hjå UDI for å handsame søknader om arbeidsvisum. Etter at ein gjorde enkelte omprioriteringer i UDI, var det noko betring for søknader levert etter 1. januar. Men ein opplever at søknader levert før den tid no er oppe i heile 8 mnd. handsamingstid. For søknader lever etter 01.01.22 er handsamingstida 4 mnd. Dette er 4 gongar lengre enn det statsråden har sett seg som mål, nemleg 30 dagar. Vi antar difor at statsråden no ser det er naudsynt å gjera kraftfulle grep, og ber om ei orientering om korleis ein teknjer å koma problemstillinga i møte.