Skriftlig spørsmål fra Ingunn Foss (H) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:2325 (2021-2022)
Innlevert: 13.06.2022
Sendt: 13.06.2022
Besvart: 20.06.2022 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Ingunn Foss (H)

Spørsmål

Ingunn Foss (H): Når vil regjeringen behandle forslagene fra Bufdir og beslutte om det skal gjøres endringer i Alarmtelefonen for barn og unges mandat?

Begrunnelse

På bakgrunn av tillegg 4 til tildelingsbrevet 2020, ferdigstilte Bufdir tidligere i år Utredning av Alarmtelefonen for barn og unge - 116 111. Alarmtelefonen ble opprettet i 2009 med mandat om å være en døgnåpen, gratis alarmtelefon for barn og unge opp til 18 år som er utsatt for ulike former for vold, overgrep eller omsorgssvikt. Barn skal kunne henvende seg til ett telefonnummer om sin situasjon og bekymring og henvendelsen skal videreformidles til rett instans i kommunene for oppfølging. Bufdir foreslår å videreutvikle tilbudet, og anbefaler blant annet å avvikle svarnettverket og utvikle et bedre digitalt hjelpetilbud til barn under 13 år.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Ei landsdekkjande alarmtelefon for barn som er utsette for vald, overgrep eller vanstell blei oppretta i 2009 og har vore eit viktig tilbod til barn og unge. Telefonen, som har det internasjonale hjelpenummeret 116 111, er i dag organisert med ein sentralt tenestestad i Kristiansand, og eit svarnettverk satt saman av barnevernsvaktene rundt om i landet. Bruken av tenesta har auka markant i omfang. Særleg såg vi det under pandemien, kor viktig det var at barn og unge fekk moglegheita til å få svar på spørsmåla deira om vanskelege tema, og at det er enkelt å finne fram med eit felles nummer. Tenesta opplevde òg ei vesentleg auke i førespurnader i denne perioden. Alarmtelefonen blei samstundes utvida med ei chat-teneste. Alarmtelefonen er no ei digital hjelpeteneste som svarer både på telefon, e-post, chat og sms.
Utgreiinga av Alarmtelefonen for barn og unge er gjort av Bufdir på oppdrag frå Barne- og familiedepartementet. Oppdraget var å greie ut mandatet til Alarmtelefonen, i lys av utviklinga av nye formar for kommunikasjon og liknande tilbod frå andre aktørar. Bufdir konkluderer i utgreiinga med at det framleis er behov for ei hjelpeteneste på 116 111 der barn på eigenhand kan melde ifrå om saker som krev oppfølging. Bufdir tilrår at tenesta bør utviklast vidare med utgangspunkt i same mandat som i dag, men med ei tydelegare forankring i barnevernslova. Dei tilrår ei kompetanseheving og fagutvikling av tenesta, for å sikre at alle typar førespurnadar blir varetatt på ei god måte. Dei argumenterer for å leggje ned svarnettverket og at alle førespurnadar skal handterast gjennom tenesta i Kristiansand. Vidare tilrår dei å byggje opp større kapasitet i chat-tenesta. Tiltaka inneber at Alarmtelefonen må styrkast med fleire tilsette.
Eg vil framheve kor viktig tenesta 116 111 er for barn og unge. Eg meiner det er behov for eit slik tilbod også framover, for å vareta og hjelpe barn og unge i sårbare situasjonar. Det er også viktig å sjå tenesta i samanheng med liknande tiltak. DigiUng er eit tverrsektorielt samarbeid mellom Helse- og omsorgsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, KS, Helsedirektoratet, Bufdir og Direktoratet for e-helse etter initiativ frå dei tre sistnemnde. Det har vore eit langsiktig og godt samarbeid om DigiUng. Målet er å gje unge tilgang til informasjon, rettleiing og tenester på ein samla stad, med utgangspunkt i nettsida ung.no. Det er naturleg at digitale hjelpetenester for barn og unge sjåast i lys av dette samarbeidet og i lys av den generelle digitale utviklinga på barn- og ungefeltet. Målet må vere at barn og unge finn lett tilgjengeleg og kvalitetssikra informasjon, veiledning og tenester. Behovet deira går på tvers av sektorar og ansvarsområde, og då er det avgjerande at løysinga òg reflekterer dette på ei formålstenleg måte.
Nokre av forslaga i Bufdir si utgreiing som vi må ta stilling til, inneber eit auka budsjett for tenesta. Eventuelle endringar i tenesta som krev auka midlar, vil vi måtte komme tilbake til i dei ordinære budsjettprosessane, og vil også bli drøfta med Alarmtelefonen. Det gjeld også eventuelle andre endringar som måtte bli aktuelle.