Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2393 (2021-2022)
Innlevert: 13.06.2022
Sendt: 20.06.2022
Besvart: 27.06.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram oppdaterte trafikktall ådt, for E-39 Blindheimstunellen, samt antall trafikkulykker og graden av dei som har vore på E-39 strekninga frå Solavågen ferjekai, Veibustkrysset, Blindheimstunellen og vidare til Moa dei siste 5 åra?

Begrunnelse

Det var for litt sidan ei alvorleg trafikkulukke på E-39 Blindheimstunellen i Møre og Romsdal.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Blindheimstunnelen på E39 i Møre og Romsdal har ei målt trafikkmengd på 21 844 køyretøy/døgn.
I perioden 2017 til 2021 har det skjedd åtte ulykker på strekninga Solavågen ferjekai via Blindheimstunnelen til Moa på E39. Sju av ulykkene har ført til lettare skader, mens ei ulykke har ført til alvorleg skade. Seks av disse åtte ulykkene er påkøyring bakfrå. I tillegg har det vore ei møteulykke og ei kryssulykke på strekninga.