Alfred Jens Bjørlo (V): Kan samferdsleministeren garantere at tempo og ambisjonsnivå for rassikring og utbetring av Rv13 Skare-Sogndal ikkje vil bli redusert som følge av Regjeringa si varsla omorganisering av vegsektoren, der også framtida til Nye Veier AS vil bli vurdert?
Begrunnelse
Regjeringa varsla nylig oppstart av ein prosess med omorganisering av veisektoren. Samferdsleministeren stadfestar i intervju med Aftenposten 12/6 at det i dette også ligg ei vurdering av framtida til staten sitt vegselskap Nye Veier AS.
Nye Veier fekk i Nasjonal Transportplan 2022-2033 ansvar for heilskapleg planlegging og utbygging av ei rekke nye vegprosjekt over heile landet – også vegprosjekt som handlar om utbetring av eksisterande veg og rassikring av viktige transportårer i distrikts-Noreg.
Eit godt døme på eit slikt prosjekt er Rv13 i Vestland fylke frå Skare i Ullensvang til Sogndal, som er overført frå Statens Vegvesen til Nye Veier AS i ny NTP. Her er Nye Veier allereie i gang med å prosjektere straks-utbetring av særleg kritiske parti med planlagt anleggsstart i 2023, samtidig som selskapet legg ein langsiktig plan for ytterlegare utbetring av Rv13 i åra fram til 2033 innanfor ei samla ramme på 3 mrd. NOK.
Dersom regjeringa no vurderer å legge ned Nye Veier AS, skaper det usikkerhet om tempo og framdrift både for Rv13 og andre viktige vegprosjekt i distrikts-Noreg. Dette er svært uheldig og unødvendig – og dårleg distriktspolitikk. Det er viktig raskast råd å få på plass garantiar for at Nye Veier kan halde oppe fullt tempo og ambisjonsnivå for det påbyrja arbeidet med utbetring av Rv13.