Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

Dokument nr. 15:2357 (2021-2022)
Innlevert: 15.06.2022
Sendt: 16.06.2022
Besvart: 22.06.2022 av næringsminister Jan Christian Vestre

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Er det eit politisk mål for regjeringa å redusere handelen med Russland etter invasjonen av Ukraina, og kva nye tiltak vil i så fall regjeringa setje inn, jamfør at importen frå Russland så langt i 2022 har auka med 40% samanlikna med 2021?

Begrunnelse

SSB har nyleg publisert tal for utenrikshandelen til og med mai. Tala viser at vi så langt i 2022 har importert varer frå Russland for nesten 10 milliardar NOK. Det er ein vekst på over 40 prosent frå tilsvarande periode i fjor. I månadene etter invasjonen (mars-mai) er veksten på over 30 prosent.
Sammanlikna med 2015, då vi innførte dei første sanksjonane som følgje av Krim-annekteringa, er veksten i import frå Russland på over 200 prosent. Handelen med Russland bidrar til å finansiere Putins krigsmaskineri. Det bør vere eit høgt prioritert politisk mål for Noreg å redusere handelen med Russland og sørge for eit strengt sanksjonsregime som har reell effekt på russisk økonomi.

Jan Christian Vestre (A)

Svar

Jan Christian Vestre: Vi har innført dei strengaste sanksjonane nokosinne i norsk rett. Noreg har slutta opp om omfattande sanksjoner vedtatt av EU. Sanksjonane mot Russland er utan historisk sidestykke i Europa, og dei vert stadig strengare. Sanksjonane rammar målretta og er sikta inn mot å redusere Russlands evne til å finansiere den folkerettsstridige krigen i Ukraina og mot det russiske regimets viktigaste støttespelarar. Per nå er 1158 personar listeført, også president Putin og utanriksminister Lavrov personleg. 98 banker, verksemder og einingar er også ramma. Mange russiske bankar er utestengde frå betalingssystemet SWIFT. Sanksjonane treff særleg finans, energi og transport og har ei rekkje føresegn om eksportkontroll i tillegg til forbod mot eksport av mange varer, teknologiar og tenester til Russland. Regjeringa har no også innført i norsk rett forbod mot å kjøpe, importere eller overføre råolje eller petroleumsprodukt, dersom dei har opphav i Russland eller vert eksportert frå Russland, samt forbod mot å yte fagleg bistand, formidlingstenestar, finansiering eller finansiell bistand knyta til dette.
Vi ser allereie betydelege konsekvensar av sanksjonane for russisk økonomi. Desse tiltaka gjer det svært vanskeleg å drive næringsverksemd i og å handle med Russland. Sanksjonane er vårt viktigaste pressmiddel overfor russiske leiarar, og dei reduserer no Russlands evne til å finansiere krigen. Sanksjoner verker best når mange står saman. Regjeringa har heller ikkje heimel i sanksjonsloven til å vedta einsidige norske sanksjoner.
Samla sett er vår samhandel lite eksponert mot den russiske marknaden. I statistikken frå SSB ser vi allereie at verdien av importen frå Russland i mai 2022 er på det lågaste nivået på 15 månader. Også verdien av importen i april er lågare enn tidlegare månader før krigen. Importaukingane frå Russland til Noreg i mars 2022 kan mellom anna forklarast med aukingar i pris og etterspørsel som følgje av krigføringa, samt etterverknader frå Covid-19. Vi registrerer at dei fleste norske verksemder har valt å lukke døra og har trekkje seg ut av den russiske marknaden. De aller fleste verksemdene i Noreg har allereie redusert sine gjenværande kontraktsforpliktingar så langt det er mogleg.
Når ein stat går inn med sanksjonar mot verksemder eller privatpersonar så må det være på eit solid og velgrunna grunnlag. Norsk næringsliv må forhalda seg til dei strenge og svært omfattande sanksjonane som er innført. Utanfor ramma av sanksjonane meiner eg at det må være kvar enkelt sitt ansvar å ta stilling til kva man gjer eller ikkje gjer. Det er også viktig for meg å understreke at norske verksemder og deira medarbeidarar som har kontaktar mot Russland ikkje kan stillast til ansvar eller klandrast for krigen.