Skriftlig spørsmål fra Silje Hjemdal (FrP) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:2369 (2021-2022)
Innlevert: 16.06.2022
Sendt: 17.06.2022
Besvart: 27.06.2022 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Silje Hjemdal (FrP)

Spørsmål

Silje Hjemdal (FrP): Hvordan vil statsråden sikre at barnevernet gjør en like god jobb for alle barn, uavhengig av postnummer, og på en måte som sikrer barnet en god oppvekst også der det mest hensiktsmessige er fosterhjem?

Begrunnelse

I en serie oppslag har NRK dokumentert en rekke dårlige vedtak av barnevernet. Den siste viser at det også kan være galt å vedta tilbakeføring til egen mor. Det dreier seg om en sak hvor en fem år gammel gutt ble tilbakeført til moren sin, mot hennes vilje. Hun selv følte seg ikke i stand til å gi trygg og god omsorg.
https://www.nrk.no/vestfoldogtelemark/xl/barnevernet-flyttet-gutt-tilbake-til-moren-mot-hennes-vilje-1.15762761
Denne saken har opprørt mange som har lest den og det er ikke rart. Mye tyder på at barnevernet i de ulike kommunene har ulike forutsetninger for å levere gode barnevernstjenester. I noen tilfeller kan vedtak i verste fall stride med barnets beste. Jeg har stor forståelse for at både barn, foreldre og fosterhjem kan føle seg maktesløs i systemet. Det at barna risikerer å ende opp som kasteballer i barnevernsystemet er på ingen måte akseptabelt. En ødelagt barndom kan aldri erstattes.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Representanten viser som bakgrunn til ein serie oppslag der NRK har omtalt ei rekke vedtak i det kommunale barnevernet, og som skildrar utfordringar på fosterheimsområdet.

Styring og leiing

Eit stort ansvar for barnevernet ligg til kommunane. Det er allereie innført fleire lovendringar og tiltak for å styrke overordna styring og leiing av den kommunale barnevernstenesta.
I 2022 blei barnevernlova endra slik at det no går klårt fram at det er kommunens øvste leiing som har det overordna ansvaret for oppgåvene etter barnevernlova. Årleg rapportering til kommunestyret om tilstanden i barnevernet vart innført i 2021. Tilstandsrapporten skal gjelde generelle forhold som kvalitet, kapasitet og kompetanse.
Frå 2031 blir det stilt krav om relevant barnevernsfagleg mastergrad for å utføre nærare bestemte oppgåver. Gjennom læringsnettverk kan barnevernstenester samarbeide på tvers av kommunegrenser om tiltak og utvikling av barnevernstenesta. For å heve kompetansen er det utarbeidd opplæringsprogram om undersøkings- og hjelpetiltaksarbeid og om arbeid med barn og familiar med minoritetsbakgrunn. I tillegg er det omkring 350 studieplassar på barnevernsfagleg vidareutdanningar. Bufdir har utarbeidd e-læringskurs for tilsette i barnevernet der målsetjinga er å bidra til rettstrygging til barn og foreldre.
Ei anna satsing er det kommunal-statlege samarbeidsprosjektet DigiBarnevern som skal auke det kommunale barnevernet si evne til å gi god og effektiv hjelp til barn og unge gjennom betre digitale løysingar. Kvalitetssystemet skal gi fagleg og juridisk støtte til vurderingar, avgjerder og dokumentasjon, og motverke uønskt variasjon. Kvalitetssystemet skal vere klart til bruk for kommunale barnevernstenester innan utgangen av 2022.
Statsforvaltaren kan i tillegg gjennomføre dialogmøte i kommunar der det er behov. Her deltar barnevernsleiar og kommunens politiske og administrative leiing saman med statsforvaltar, for å drøfte status, styrkar og utfordringar i barnevernstenesta. Kommunar med risiko for alvorleg svikt i barnevernstenesta kan få tilbod om rettleiingsteam.
For å styrke sakshandsaminga i barnevernet inneheld ny barnevernslov føresegn om barnevernets plikt til å føre journal for kvart enkelt barn, og nærare krav til grunngjeving for vedtak. Desse føresegna vil kunne bidra til ein meir einsarta praksis mellom tenestene og at det blir fatta gode avgjerder for barna.

Fosterheim

Det følgjer av Hurdalsplattforma at regjeringa vil sjå på tiltak som betre varetek barn i fosterheim og fosterfamiliane, slik at dei får naudsynt hjelp, rettleiing og oppfølging. God hjelp til fosterfamiliane vil styrke rekrutteringa av fosterheim. Eg er svært opptatt av at barna får den hjelpa dei treng i fosterheim, og at dei skal flytte minst mogleg. Det er ansvaret til barnevernet å ta viktige avgjerder på bakgrunn av kva som er til beste for barnet. Fosterheim er i utgangspunktet eit mellombels tiltak og barnevernslova gir ikkje tilgang til å treffa vedtak om at eit barn skal bu permanent i fosterheim. Dette følgjer av overordna menneskerettslege forpliktingar.
Fosterheimane har viktig kunnskap om barnet, og barnevernet må innhente deira kunnskap før dei treff viktige avgjerder. Barnets meining skal vere ein del av vurderingsgrunnlaget. I ny barnevernslov er det tatt inn at fosterforeldre har rett til å uttale seg før det treffast avgjerd om å flytte barnet frå fosterheimen. Det er og tatt inn at fylkesnemnda kan gje fosterforeldra rett til å klage på vedtak om flytting.
Eg meiner det er viktig med eit godt samarbeid mellom barnevernstenesta og fosterheimen for at barnet skal få riktig hjelp, og for at fosterforeldra skal klare oppdraget. Departementet er i gang med å revidere fosterheimsforskrifta. I den samanhengen vil det og vere naturleg å sjå på enkelte punkt i fosterheimsavtalen, mellom anna om samarbeidet mellom fosterheimar og barnevernstenesta.
Frå 1. januar 2022 kjem det tydelegare fram av fosterheimsforskrifta at barnevernstenesta må sørge for at oppfølginga av barnet og fosterfamilien er heilskapleg og tilpassa behova. Bufdir har og utarbeida faglege anbefalingar for dei økonomiske rammevilkåra til fosterheimane. Anbefalingane skal bidra til at barna får ei trygg, stabil og god heim. I tillegg skal rammene til fosterforeldra innrettast slik at dei speglar det viktige samfunnsoppdraget fosterforeldrane tar på seg. Anbefalingane gjeld frå 2022.
Tydelegare krav til oppfølging av fosterheimen og meir standardiserte økonomiske rammevilkår kan bidra til å motverke konfliktar og redusere behovet for forhandlingar mellom barneverntenesta og fosterforeldra. Eg vil sjå nærare på forslaga frå fosterheimsutvalet og dei økonomiske rammevilkåra for fosterheimane. Eg kjem derfor til å greie ut ulike tiltak knytt til godtgjering for fosterheim.
I Hurdalsplattforma kjem det fram at regjeringa vil leggje fram ein kvalitetsreform i barnevernet. Det er ei erkjenning av at kvaliteten i barnevernet må styrkast, slik at barn som treng hjelp frå barnevernet skal få god hjelp uansett kvar dei bur og kva slags tiltak dei har behov for.