Frank Edvard Sve (FrP): Korleis kan samferdselsministeren då forklare at ein fortsatt planlegg firefelts giganttunell under Romsdalsfjorden på prosjektet Møreaksen til mange titals milliard kr, og kva skjer med sikkerheita når det eine løpet blir stengt i tider og utider?
Begrunnelse
Statens vegvesen har levert bestillinga frå SP og AP regjeringa om nedeskalering av vegutbygging og utgreiing av lavare fart. Terskelen for bygging av firefeltsveg skal hevast, kjem det fram i meldinga frå vegdirektøren i media.
Vegdirektøren meiner at dagens grense for firefelts motorveg på 12 000 bilar i døgnet skal aukast til 15 000 bilar i døgnet. Likevel opplever vi i Møre og Romsdal at ein planlegg ein gigantisk undersjøisk tunell ned på snart 400 m under fjorden, med ein døgntrafikk på 2 300 bilar. Dette er også heilt i strid med folkets vilje der eit svært stort fleirtal ikkje vil ha Møreaksen i det heile.
Det er brukt som argument at dersom ein bygg ein slik undersjøisk tunell, så må dette vere firefelt pga. rømningsveg mellom tunellane. Fakta er vel meir at dersom ein elbil eller fleire tek fyr snart 400 m under fjorden, er det nok svært så få i bussar, og frå andre bilar som klarar å evakuere seg nokon som helst plass. Det er også eit faktum at slike tunellar ofte er stengt pga. ulike årsaker. Berre oslofjordtunellen har vore stengt ekstremt mange dagar, og dette vil sjølvsagt også skje i Møreaksen dersom noko så greinalaust skulle skje at dette prosjektet vart bygd. Når eine løpet er stengt blir det påstått at null sikkerheit er til stades og tunellen må stengjast. Sjølvsagt må den det, i ei så ekstrem brannfelle som ein slik tunell då vil vere, noko den egentlig er uansett. Stenge E-39 nord/sør i Møre og Romsdal er sikkert ein glup ide, og Statens vegvesen har sikkert ståande klart fire 120 bilars ferjer til ein kvar tid i beredskap, sjølvsagt ikkje.