Liv Kari Eskeland (H): Det er den siste månaden foreslått to store endringar i elbil-fordelane utan at desse vert sett i samanheng, eller synest å vere vurdert opp mot Noregs klimamål.
Vil klimaministeren gjera en vurdering av korleis endringene i elbilfordeler påvirker Norges mål for klimagassutslepp fram mot 2030, og kva innverknad dette vil ha på mål om kun å selje fossilfrie bilar i 2025?
Begrunnelse
I RNB 2022 er dagens momsfritak fjerna for den delen av kostnaden for elbilar som overstig 500 000 kr. I tillegg har Statens vegvesen anbefalt å heve dagens maksimal bomtakst for elbilar frå 50 til 70 prosent av taksten for fossile personbilar i byane, og innføre lik bomtakst for elbilar og fossile bilar frå 2025.
I Stortingssalen 15. juni svarte samferdselsministeren på spørsmål om korleis dei foreslåtte endringane i elbilfordalene vil påverke klimamåla våre:
«Vi vil selvfølgelig også tillegge det vekt hvis noen i en eller annen form for dokumenterbarhet kan si at vi ikke vil nå målene våre for elbiler på bakgrunn av det vi nå gjør. Men vi er altså ikke kjent med det».
Elektrifisering av vegtrafikken er eit viktig tiltak for å nå måla i Klimaplanen for 2021-2030. Framskrivingar i Nasjonalbudsjettet 2021 viser at dei ikkje-kvotepliktige utsleppa frå transportsektoren er forventa å bli redusert frå 14,3 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2019 til 10,4 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2030 – ein reduksjon på om lag 27 prosent. I framskrivingane blir det imidlertid føresett at verkemiddelbruken frå i dag blir vidareført, mellom anna dei sterke verkemidla som i dag er retta mot elbilar.
I oppmodinga si skriv Statens vegvesen at:
«Forslagene til nedtrapping av noen av elbilfordelene kan starte uten at det reduserer disse bilenes konkurransekraft vesentlig, mener Statens vegvesen. […] Det påpekes likevel at dersom både lokale fordeler og avgiftsfritak faller bort, vil elbilen bli mindre attraktiv.»
Det er nettopp endringar i både lokale fordeler og avgiftsfritak regjeringa no legg opp til. Høgre er uroa for at det blir foreslått endringar stykkevis og delt utan at ein ser heilskapen. Elbilfordelane må sjåast i samanheng med klimamåla, og analysar må på plass dersom ein skal endre på forhold ein veit virkar i dag. Dei kan ikkje berre vurderast som ein del av byvekstavtalane, det er avgjerande at dei vert sett opp mot 2025-målet og klimamåla våre. Endringar må skje på ein slik måte at elbilane framleis vinn i konkurransen mot fossile bilar i alle bilklassar.
Det er framleis trong for insentiv for å velje elbilar for å nå måla våre. Alle fordeler, både på kjøp og bruk, må derfor vurderast heilhetleg og sjåast opp mot Noregs klimamål, før det blir gjort endringar.