Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2474 (2021-2022)
Innlevert: 25.06.2022
Sendt: 27.06.2022
Besvart: 01.07.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Drosjenæringa opplever framleis svært lange køar hjå SVV for å få på plass kvalifiserte sjåførar til næringa. Dette handlar i første rekke om å få teke den praktiske prøven, men gjeld også å få politiattest i etterkant av at prøven er teke. Det kan gå fleire månader frå ein ber om å få ta den teoretiske prøven til ein har kjøresetelen i handa.
Kva vil statsråden gjera for å betre på desse forholda?

Begrunnelse

Drosjenæringa står framom travle sommarmånader der også ferie skal avviklast. Det ein opplever er at det er nærast umogleg å få tak i kvalifiserte sjåførar til næringa. Svært lange køar hjå SVV for å få ta den praktiske prøven, samt påføljande lang handsamingstid hjå politiet er årsaka. I sitt svar til underteikna på denne problemstillinga svara statsråden 11.01.22 på korleis praksis for å få kjøresetel er, og kor mange testar SVV har gjennomført, men ikkje noko om korleis ein tenkjer å møte problemstillinga som næringa no opplever med lange køar. Statsråden seier også at han ikkje kjenner til at praktisk prøve må vera gjennomført før politiet kan handsame søknad om politiattest, men kravet er at gjennomført praktisk prøve skal liggja ved søknaden til politiet. Ei innkorting i tida kunne vore at søknad om politiattest kan handsamast parallelt med at ein set seg på venteliste til praktisk prøve. I sitt svar til representanten Ropstad 10.02.22, seier også Statsråden at han opplever kapasiteten som god nok, det er den openbart ikkje. Det er også utfordrande for distrikta at praktisk prøve berre vert tilbudt enkelte stader i landet. Likevel er næringa godt nøgd med innføringa av teoretisk og praktisk prøve for å kunne kjøre drosje all den tid dette er med på å proffesjonalisera næringa og bidreg til betre kundeopplevingar.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Svaret er utarbeidd i samråd med justis- og beredskapsministeren, som har det overordna ansvaret for kjøresetelforvaltinga.
For ei meir inngåande forklaring av bakgrunnen for spørsmålet, viser eg til svar på tidlegare spørsmål frå stortingsrepresentant Eskeland (11. januar i år) om ventetid for praktisk drosjesjåføreksamen og elles sakshandsaminga for kjøresetlar. I tillegg svara eg på eit liknande spørsmål frå stortingsrepresentant Ropstad 8. februar i år, slik også spørsmålsstillaren er inne på.
I likskap med representanten Eskeland, er eg glad for at vi stiller somme kompetansekrav til drosjesjåførane våre. Det handlar om tryggleik og kundetilfredsheit for alle kundar, uavhengig av kvar og eins behov. Kompetansekrava blei innførte som ein del av drosjereforma 1. november 2020. Det var semje blant høyringsinstansane om å innføre nye krav om drosjesjåførkompetanse for å bidra til profesjonalisering av bransjen og kompensere for bortfall av kompetansekrava som føresetnad for å få løyve.
Statens vegvesen er nøydd til å prioritere ressursane sine effektivt når dei organiserer prøvetilbodet sitt. Dei tilbyr praktisk prøve ved 19 trafikkstasjonar, som er valt både ut frå kvar behovet var antatt størst og effektiv ressursbruk.
Eg vil understreke at spørsmålsstillarens beskriving av «lange køar» ikkje er treffande for alle plassar i landet, men i periodar og i forskjellige delar av landet. Dei opplysingane eg har fått frå Statens vegvesen tyder på at drosjenæringa og Statens vegvesen oppfattar situasjonen noko ulikt. At bransjen opplever sjåførmangel har vonleg mange årsaker som ikkje nødvendigvis heng saman med testkapasiteten hos trafikkstasjonane. Statens vegvesen publiserer stadig nye drosjeprøver i sjølvbeteningsløysinga si på nettet og opplyser at det ofte er ledige prøver tilgjengeleg. Statens vegvesen har prioritert næringslivskundar, noko som har betra kapasiteten på drosjeprøvene særskilt. Samferdselsdepartementet følgjer med på utviklinga i drosjenæringa og vil framleis i det videre arbeidet ha fokus på å legge til rette å bidra til gode vilkår i næringa.
Representanten Eskeland foreslår som eit tiltak for å redusere den totale ventetida for kjøresetel, å tillate kjøresetelkandidatar å søke politiet om kjøresetel før dei har bestått drosjesjåføreksamen. Justis- og beredskapsministeren og eg vil vurdere moglegheita for dette nærare.
Elles vil eg nemne at regjeringa har sett ned eit utval som skal sjå heilskapleg på det framtidige drosjeregelverket. Utvalet har oppstart til hausten og vil levere sin rapport eitt år etter oppstart, altså hausten 2023.