Alfred Jens Bjørlo (V): Er statsråden enig i at finansieringsmodellane for aktørar i distrikts-Noreg som organiserer og tilrettelegg for desentralisert utdanning bør bli meir langsiktige, og vil regjeringa legge til rette for dette i komande statsbudsjett?
Begrunnelse
I mai 2022 lyste Kunnskapsdepartementet via HK-dir. ut midlar til utdanningssenter og andre aktørar som arbeider for desentralisert utdanning. Midlane gjeld for inneverande år (2022), med tildeling i juli og retta inn mot tiltak som kan gjennomførast i inneverande år.
Dette er positivt, men dersom ein skal bygge gode strukturar som kan skape langsiktig verdiskaping og kompetanseheving i distriktsregionar i Noreg, er det viktig at finaniseringsordningane for desentralisert utdanning blir meir langsiktige og føreseielege. Ei slik omlegging vil vere i tråd med måla regjeringa sjølv har sett for framtidas desentraliserte utdanningstilbod, og gjere det lettare for både lokale aktørar, næringslivet i distrikts-Noreg og dei etablerte høgare utdanningsinstitusjonane å rette ressursane inn mot det som verkeleg er viktig: Organisering, strukturering og tilrettelegging av ein desentralisert utdanningsstruktur skreddarsydd til behova i næringsliv og samfunn i distriktsregionar der det ikkje er høgskular/universitet i dag.
Eg syner mellom anna til «Studiehub»-modellen utvikla av Inviro i Nordfjord i Vestland fylke, som er presentert for departementet og er éin mulig modell for korleis dette kan strukturerast.