Skriftlig spørsmål fra Linda Hofstad Helleland (H) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2514 (2021-2022)
Innlevert: 30.06.2022
Sendt: 30.06.2022
Besvart: 05.07.2022 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Linda Hofstad Helleland (H)

Spørsmål

Linda Hofstad Helleland (H): Distriktsministeren gikk til valg på å styrke Distrikts-Norge, hvorfor fører han nå politikk som vil drastisk redusere distriktsnæringslivets adgang til innleid arbeidskraft?

Begrunnelse

Distriktsnæringslivet har slått alarm om regjeringens forslag til innstramming i innleieregelverket. Innstrammingene truer driften av distriktsnæringslivet, særlig serverings- og reiselivsbransjen, som begge kjennetegnes av både kritisk mangel på arbeidskraft og store svingninger i arbeidsmengde basert på sesong. Denne type distriktsbedrifter er helt avhengig av innleie av arbeidskraft i mindre perioder. Distriktsministeren gikk til valg på aktivitet i Distrikts-Norge, men i regjering fører han politikk som svekker distriktsnæringslivet drastisk.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Regjeringa ynskjer trygge og gode tilsetjingsvilkår for alle arbeidstakarar i alle næringar i heile Noreg. Faste og direkte tilsettingar i ein relasjon mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar skal vere den klare hovudregelen i norsk arbeidsliv. Dette medverkar til tryggleik for arbeidstakarane, og vil vere positivt for verksemdene når det gjeld styrka kompetanse og produktivitet. Det er ynskjeleg å aktivt motverke ei utvikling i retning av auka skilnader og lausare tilknytingsformer.
Målet med innstrammingane i reglane om innleige er difor å leggje til rette for at arbeidstakarane i større grad skal få direkte tilsettingar i staden for å vere innleigd frå bemanningsføretak. I seg sjølv bør ikkje forslaga føre til redusert tilgang på arbeidskraft og sysselsetting. Dei er meint å ha verknad for korleis verksemdene knyter til seg arbeidskrafta.
I tillegg til å auke grunnbemanninga gjennom faste tilsettingar, vil det framleis vere mogleg å tilsette mellombels dersom vilkåra for dette er oppfylt. Innleige frå bemanningsføretak vil vere lovleg til vikariat, samt for verksemder som er bundne av tariffavtalar på høgt nivå, dersom ein har avtale med tillitsvalde om innleige. Sesong- og oppdragsvariasjonar kan møtast gjennom andre fleksibilitetsmekanismar som loven opnar for, slik som deltid, gjennomsnittsberekning av arbeidstida og leige frå andre produksjonsbedrifter.
Regjeringa er svært oppteken av tilgang på nok arbeidskraft og på kvalifisert arbeidskraft i heile landet, ikkje minst i distrikta. Desentralisert utdanning og etter- og vidareutdanning blir stadig viktigare for å sikre arbeidstakarane utdanning og rette kvalifikasjonar til både omsorgsyrka i kommunane og til næringslivet. Det gjeld og servicenæringane.
Regjeringa er oppteken av å mobilisere fleire som no står utanfor arbeidslivet til å fullføre utdanning eller på andre måtar kvalifisere seg for arbeidslivet. Vi treng alle dei folka vi kan skaffe, og den demografiske utviklinga i landet vil auke presset. Det vil framleis vere mogleg med mellombels tilsette.