Helge André Njåstad (FrP): Vil statsråden ta initiativ til at NAV betalar arbeidsmarknadsbedriftene høgare som fylgje av auka strømpriser?
Begrunnelse
Mange opplever auka straumpriser som svært krevjande. Sogneprodukt as har nyleg sendt stortingspolitikarar frå Vestlandet si oppleving av saka der dei melder om ekstra kostnad på 1,3 mill. pluss nettleige og avgifter. Denne verksemda i likheit med fleire andre tilsvarande sel tenester til NAV. Når Staten ikkje ville innføre makspris eller støtteordning til alle fell slike utforbi ordninga.