Liv Kari Eskeland (H): På kva måte vil regjeringa sikre gjennomføring av stortingsvedtak 691 sin siste del, som pålegg regjeringa å sikre etablering av landstrøm som planlagt innan 2022?
Begrunnelse
Vi viser til tidlegare sendt spørsmål og statsråden sitt svar 06.05 22 vedrørande Vedtak 691:
"Stortinget ber regjeringen foreslå tiltak som sikrer verdensarvfjordene som anløpshavn for cruisebåter også etter 2026, blant annet ved at staten sikrer etablering av landstrøm i Flåm som planlagt innen 2022."
Statsråden seier i sitt svar:
"Aktører som ønsker å etablere landstrømanlegg kan søke støtte hos Enova. I 2020 ga Enova tilsagn om støtte til Aurland Havnevesen på 27 millioner kroner for å etablere landstrømanlegg i Flåm. Aurland Havnevesen opplyser at Enova har gitt utsatt frist for at anlegget skal være i drift til 1.4.2023."
Sjølv om Enova no har gjeve støtte på 1/3 av kostnadane til eit landstraumsanlegg, har likevel ikkje regjeringa oppfylt Stortinget sitt vedtak med å sikre etablering av landstraum i Flåm. Dersom ein hadde vore sikra ei inntekt frå cruisetrafikk til anlegget, ville Hamnevesenet kunne få lån basert på ei framtidig inntekt. Dette er no usikker inntekt etter 2026, og ein får difor ikkje tilsegn om lån. Hamnevesen og kommunen har difor ikkje moglegheit til å få på plass anlegget utan ytterlegare bistand frå staten. Staten må difor, i tillegg til støtte gjennom Enova, vera garantist for lånet ut over Enovastøtta.