Alfred Jens Bjørlo (V): Vil regjeringa sørge for at norsk nærskipsfart ikkje har dårlegare rammevilkår enn utanlandske fartøy for å kunne ta oppdrag med massetransport?
Begrunnelse
Norske fartøy har i dag eit distansekrav på 30 nautiske mil for at dei tilsette kan motta sjømannsfradrag. Så langt eg er kjend med, har ingen andre land eit tilsvarande krav om kor langt eit skip må segle for å kunne bli omfatta av rammevilkåra.
I 2023 er det planlagt byggestart for Stad Skipstunnel. I dette prosjektet skal det flyttast ei betydeleg mengde stein og masser, anslagsvis 5,4 millionar kubikkmeter. Det aller meste av massetransporten vil skje sjøvegen. Staten v/ Kystverket har lagt opp til at så mykje av massene skal brukast i nærområdet.
Dagens reglar med distansekrav på 30 nautiske mil for norske skip for å få konkurransedyktige økonomiske rammevilkår, gjer i praksis at det er så godt som umulig for norske skip å nå opp i konkurranse om lasteoppdrag knytt til Stad Skipstunnel. Det same vil gjelde for alle andre større masseforflyttingsprosjekt langs kysten, og andre lasteoppdrag der det generelt sett er ønskjeleg at transporten skjer til sjøs i staden for på veg. Det er svært uheldig, også frå ein miljøståstad.
Skal vi nå politiske mål om å flytte transport frå veg til sjø, er dagens distansekrav på 30 nautiske mil for norske skip direkte kontraproduktivt. Distansekravet må etter underteikna sitt syn fjernast raskast råd, slik at det er mulig for norsk nærskipsfart å ta oppdrag knytt til Stad Skipstunnel og andre lasteoppdrag over kortare distansar enn 30 nautiske mil langs norskekysten.