Sveinung Rotevatn (V): Er regjeringa uroa for at fagmiljøet rundt NIBIO Svanhovd vil forvitre som følgje av konflikten med Rovdata om forsking på brunbjørn?
Begrunnelse
NIBIO på Svanhovd har i mange år gjennomført overvaking og forsking på brunbjørn. Oppgåvene til forskingsstasjonen har endra seg noko over åra som følgje av etableringa av Rovdata og eit kontraktsfesta samarbeid med desse. Som følgje av usemje rundt fordeling av fagansvar m.m. har NIBIO gått til det drastiske steget å ikkje søkje om fornya kontrakt med Rovdata for 2022. Forskingsstasjonen på Svanhovd har over fleire år bidratt med både viktige kompetansearbeidsplassar i distriktet og ikkje minst til auka kunnskapsnivå og formidling om brunbjørnbestanden, og spørsmålet er om dette miljøet vil vere mogleg å oppretthalde i dagens form dersom stasjonen ikkje lenger skal ha ei viktig rolle i overvakingsprogrammet.