Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram ei oversikt over kva som er nytta av budsjettmidlar for vegutbygging innan samferdselsbudsjettet så langt i år, og stipulert kva som kjem til å bli brukt i løpet av 2022?
Begrunnelse
Transport, bygg og anleggsbransjen er i ein svært krevjandes situasjon, med skyhøge drivstoffutgifter og byggekostnadar generelt.
Regjeringa har signalisert kutt i vegbygging, og har også signalisert vidare nedeskalering av større vegprosjekt. Dette vil måtte bety mindre oppdrag for næringslivet med fare for konkursar og nedbemanning. Dette kjem på toppen av den krevjande situasjonen transport, bygg og anleggsbransjen har frå før.