Skriftlig spørsmål fra Kari Elisabeth Kaski (SV) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:2594 (2021-2022)
Innlevert: 08.08.2022
Sendt: 08.08.2022
Besvart: 12.08.2022 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Kari Elisabeth Kaski (SV)

Spørsmål

Kari Elisabeth Kaski (SV): Hvordan følger regjeringen opp bensinstasjonenes prissetting i møte med varierende oljepris, for å ivareta forbrukeren og forhindre urimelig profitt?

Begrunnelse

Forrige uke ba Forbrukerrådet bensinstasjonskjedene om å sette ned prisen på drivstoff som en følge av fallende oljepris. Da oljeprisen steg var kjedene raske med å øke prisene, men pumpeprisene har ikke falt tilsvarende raskt når oljeprisen har falt i sommer. Prissettingen for drivstoff framstår som lite gjennomsiktig og det er krevende for forbrukerne å orientere seg i markedet.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Høge prisar på drivstoff gjer det vanskeleg for mange forbrukarar. Særleg for dei som nyttar bilen i kvardagen og må reise langt, er høge prisar krevjande.

Konkurransetilsynet har ansvaret for å fremje velfungerande marknader i tråd med konkurransereglane. Bensinstasjonane si prissetting er eit tema som Konkurransetilsynet har arbeidd med over lengre tid. Dei ser mellom anna på korleis prismønsteret utviklar seg over tid. Tilsynet held fram at prisane på drivstoff ofte blir sett opp om lag to gonger i løpet av ei veke, og då vert prisane auka hos alle dei store kjedene same dag over heile landet. Mellom prisløfta går prisane gradvis ned, og prisane vil vere på sitt lågaste rett før prisløfta og i timane etter, før alle stasjonane har følgt etter og auka sine prisar. Likevel kan det vere store skilnader i pris mellom ulike stadar i landet. Eg vil oppmode forbrukarar til å vere bevisste på korleis sin lokale drivstoffmarknad innrettar seg slik at dei får handla når prisane er som lågast. Ein kan få nyttige tips og lese om marknaden for drivstoff ved å gå inn på Konkurransetilsynet sin nettstad.

Sjølv om det kan være krevjande for forbrukarane å orientere seg i marknaden for drivstoff, er det viktig for konkurransen i marknaden at ikkje drivstoffprisane blir gjort allment tilgjengeleg på ein slik måte at aktørane kan koordinere prisane. Hausten 2020 fekk difor Konkurransetilsynet dei to kjedene Circle K AS og YX Norge AS til å slutte praksisen med å publisere listeprisar for drivstoff på sine nettstader. Tilsynet meinte at publisering av listeprisar fungerte som eit signal til konkurrentane om når og kor mykje prisane skulle aukast. Denne praksisen kunne utgjere eit ulovleg samarbeid.