Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2602 (2021-2022)
Innlevert: 09.08.2022
Sendt: 09.08.2022
Rette vedkommende: Justis- og beredskapsministeren
Besvart: 16.08.2022 av justis- og beredskapsminister Emilie Mehl

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Vil samferdselministeren ta initiativ til at justisministeren tar opp med politiet at sjåførar som er ei fare for seg sjølv og andre i trafikken blir luka ut, også spesielt dei som faktisk blokkerar trafikkflyten ved å køyre langt under fartsgrensene og skapar både lange køer og mange farlege situasjonar?

Begrunnelse

72 personar mista livet på norske vegar berre dei 7 fyrste mnd. i 2022.
Dette er alvorlege tall og det ser dessverre ut for at samferdselsministeren og regjeringa er mest opptekne av å sette opp fleire fotoboksar og sette ned fartsgrensene.
Samferdselsministeren har uttalt at det er viktig å luke ut dei sjåførane som kan utgjere ein fare for både seg sjølv og andre. Dette gjelder ikkje berre dei som køyrer fort, men også dei svært mange som skapar mange farlege situasjonar på grunn av “sneglekøyring“.
Eg køyrer svært mykje sjølv på norske vegar, ca. 40-60 000km pr år. Då ser eg dessverre alt for ofte politiet med kontrollar der dei absolutt ikkje burde ha desse.
Kvifor politiet til dømes har kontroll på E-6 med midtdelar er for meg ei gåte. Dette er ikkje dei ulykkesutsatte vegane her i landet, men dei sikrast og tryggaste vegane vi har.
Politiet burde også har større fokus på dei som køyrer alt for sakte, regelrette "sinker" i trafikken som ser ut til å ha ein plan om å skape lengst mulige køar bak seg. "Forrest i køen" ser ut til å skape svært mange farlege situasjoner der folk etter kvart blir lut lei å køyre milevis i 50 kmt i 80/90 soner. Vist skal folk kunne køyre så fort dei ynskjer, men då må dei ha evner til å kunne sleppe trafikken forbi. Transportnæringa og større vogntog har ikkje tida til å ligge i milevis bak slike sinker, derfor ser eg også enkelte gongar svært så dristige forbikøyringar også frå desse. Alle sjåførar har sitt ansvar for å køyre sikkert, og farlege forbikøyringar er ikkje greit. Derimot burde ein sette inn større fokus på å luke ut sjåførar som skapar farlege situasjonar, ikkje berre gjennom for høg fart, men også dei som har "parkert" i trafikken og er "konge" forrest i køa. Til dømes har dagens bobilar faktisk motor, og har null problem med å holde normal fartsgrense.
Flyt i trafikken er bra og etter min meining også trygt. Ikkje bra på motorvegar heller der dei som har bestemt seg for å køyre 80-90 i 110 sona, absolutt skal ligge i kilometervis i venstre fil. Med andre ord, det er viktig å luke vekk sjåførar som er ei fare for seg og andre, både dei som køyrer for fort og dei som køyrer for seint som såleis skapar farlege situasjonar.

Emilie Mehl (Sp)

Svar

Emilie Mehl: Spørsmålet er oversendt til meg fra samferdselsdepartementet.
Jeg deler representantens engasjement for trafikksikkerhet og kan forsikre om at det er en prioritert oppgave hos Utrykningspolitiet (UP) å reagere mot sjåfører som er trafikkfarlige. Dette kan etter omstendigheten også være sjåfører som kjører under fartsgrensen slik at det oppstår trafikkfarlige situasjoner.
UP-sjefen har i sommer offentlig gitt utrykk for at politiet vil gjøre alt de kan for å få ned ulykkestallene.