Birgit Oline Kjerstad (SV): Stortinget har vedteke eit mål om 10 TWh energisparing i bygg innan 2030. Målet vart først introdusert ved handsaming av energimeldingen i juni 2016.
Kan statsråden gjere greie for korleis måloppnåing skal vurderast fortløpande gjennom perioden?
Begrunnelse
ENØK tiltak og produksjon av straum i bygg har stort potensiale, og det er lite arealkonflikt rundt det å bruke eksisterande bygningar til straumproduksjon. ENØKer dessutan med å gjere næringsliv og hushaldningar mindre sårbare for høge energiprisar i framtida.
12 organisasjonar sende eit brev til olje- og energiminister Terje Lien Aasland 30. juni med spørsmål om korleis målet om 10 TWh energisparing i bygg innen 2030 skal målast fortløpande gjennom perioden. Dei same 12 organisasjonene sende tilsvarande brev til departementet den 2. juli 2021, men dåverende minister Tina Bru, kunne ikke gi svar på spørsmålet. Olje og energidepartementet viste i sitt svar 15. september 2021 til underlag for ein langsiktig strategi for energieffektivisering ved renovering av bygningar, jamfør energieffektiviseringsdirektivet (2012/27/EU) artikkel 4. Denne rapporten vart levert Olje og Energidepartementet og Kommunal og distriktsdepartementet 31. mars 2022.