Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til fiskeri- og havministeren

Dokument nr. 15:2618 (2021-2022)
Innlevert: 11.08.2022
Sendt: 11.08.2022
Rette vedkommende: Justis- og beredskapsministeren
Besvart: 23.08.2022 av justis- og beredskapsminister Emilie Mehl

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Kvifor har ikkje regjeringa innført faste kontrollar av russiske fiskefartøy etter at Russland invaderte Ukraina?

Begrunnelse

NRK har avdekka at russiske båtar i norske hamner slepp straff for ulovleg innførsel av fisk til Noreg, sjølv med Mattilsynet som augevitne. Russiske fiskereiarar kan sjølv påvirke om dei blir kontrollert av norske styresmakter eller ikkje.
Kor vidt dei russiske anløpa blir kontrollerte, blir bestemt av kva båtane sjølve melder inn. Kun når det blir levert fisk av russisk opphav, er det rutinekontrollar. Gjennom innmeldinga kan dei russiske båtane sjølv påvirke om dei blir kontrollerte eller ikkje. Det er eit mindretal av anløpa frå 1. januar til 30. april i år som ut frå dette har blitt kontrollert. NRK si kartlegging syner at det vart innrapportert levert fisk frå russiske fartøy i Kirkenes 27 gonger i denne perioden. I same periode var det 103 anløp frå russiske fiske- og frysefartøy i grensebyen. Når dei russiske fartøya ikkje melder om levering av fisk, er det ingen kontrollar frå Mattilsynet eller Fiskeridirektoratet. Det er ingen faste kontrollar av desse fartøya, trass i at Russland har gått til krig mot Ukraina.

Emilie Mehl (Sp)

Svar

Emilie Mehl: Når det gjeld myndigheitene sine tiltak knytta til potensielle sikkerheitstruande aspekt ved russiske fiskefartøy som er tilstades langs norskekysten, viser eg til mine svar på skriftleg spørsmål nummer 2597 frå stortingsrepresentant Guri Melby og nummer 2603 frå stortingsrepresentant Ine Eriksen Søreide.
Når det gjeld Mattilsynet og Fiskeridirektoratet sin kontroll med utanlandske fartøy ved landing i Noreg, er innspel frå fiskeri- og havministeren innarbeida i svaret.
Mattilsynet gjennomfører grensekontroll ved import frå tredjeland av kontrollpliktig fisk og fiskevarer, iht. EUs import- og hygienekrav. Dette gjeld også fiskefartøy frå tredjeland som landar i Noreg, som Russland. Kontrollen inneber at Mattilsynet er fysisk til stades ved lossing av eit fiskefartøy på dei godkjente grensekontrollstasjonane. Fartøy som skal lande må i god tid før sjølve landinga melde frå om innkomst til hamn i EUs felles database for import. Omfanget av kontrollen kan variere, til dømes basert på ei konkret risikovurdering, men alle fartøy vert kontrollert opp mot grunnleggjande parametrar for om dei er «EU-godkjende» for import etter matregelverket. Det vert også gjennomført stikkprøvar av enkelte vareparti. Vidare samarbeider Mattilsynet også med andre kontrollmyndigheiter og etatar for å samle inn all relevant informasjon om import av animalske produkt. Etter Mattilsynets vurdering, gjer grensekontrollen at ein i relativt stor grad evnar å oppdage brot som gjeld det veterinære regelverket. Dersom tredjelandsfartøy forsøker losse utanfor Mattilsynet sine opningstider, har dei ulike verksemdene som handterer eit vareparti sjølvstendig ansvar for å sørge for at regelbrot ikkje skjer når Mattilsynet ikkje er til stades.
Fiskeridirektoratet, Kystvakta og fiskesalslaga har heimel til å kontrollera etterleving av fiskerilovgivinga, både det som gjeld aktiviteten til utanlandske fartøy i norske farvatn og det som gjeld landing av fangst i Noreg uavhengig av kvar fisken er fiska. Kontrollaktiviteten er risikostyrt, og vurdert risiko med tanke på etterleving av fiskerilovgivinga er ikkje endra på grunn av den pågåande krigen.
Kystvakta har særleg fokus på utanlandske fartøy, inkludert russiske, si utøving av fiske i norske farvatn, samt at fangst og aktivitet blir rapportert korrekt ute på havet. I samband med landing av fangst og bruk av norske hamner når fiskefartøy har fangst om bord, er russiske fiskefartøy på lik linje med fartøyet i andre land omfatta av eit eige hamnestatskontrollregime. Det inneber at dei må ha ein førehandsgodkjenning frå Fiskeridirektoratet, før dei får bruke utpeika norske hamner.
Fiskeridirektoratet gjennomfører fysiske hamnestatskontroller på ein bestemt del av gjennomførte landingar etter ei risikovurdering. Sjøfartsdirektoratet har òg kontrollar av russiske fiskefartøy. Kontrollen tek for seg tryggingsstandarden på fartøya. I tillegg vil alle landingar av fangst frå russiske fartøy vere omfatta av kravet om at omsetning skal skje gjennom eit fiskesalslag og det skal utskrivast ein såkalla sluttsetel, som fiskesalslaga kontrollerer. Denne sluttsetelen skal innehalda informasjon om kvantum av ulike fiskeslag. Det er så langt ikkje funne grunnlag for å endre vurderinga av risikoen for regelbrot av fiskerilovgivinga og dermed heller ikkje grunn til å innføra faste fysiske kontrollar av dette for alle russiske fartøy ved bruk av norske hamner.