Ingrid Fiskaa (SV): I Aftenposten 17.08.22 kunne me lesa om den norske ambassaden i Yangon som leigde rom for sine tilsette på Hotel Lotte, og at inntektene på hotellet går til å finansiera militærjuntaen i Myanmar.
Vil utanriksministeren avslutta kontrakten med Hotel Lotte og gå gjennom andre kontraktar ved ambassaden i Yangon med kritisk blikk for å unngå vidare norsk finansiering av militærregimet, og dersom det vert vurdert slik at det ikkje finst gode alternativ til hotellet, vil utanriksministeren gjera aktsemdsvurderingane opne og tilgjengelege?
Begrunnelse
Militærjuntaen har styrt Myanmar i eit og eit halvt år med hard hand og det vert rapportert om grove overgrep mot sivilbefolkninga. Sporadiske fordømmingar av kuppmakarane er ikkje tilstrekkeleg. Noreg og resten av det internasjonale samfunnet må sanksjonera juntaen politisk og økonomisk og støtte den modige demokratirørsla.