Svar
Kjersti Toppe: Som SV, er regjeringa, og eg som barne- og familieminister, oppteken av barn og unge sine fritidstilbod.
Nyleg signerte statsministeren og eg, saman med seks andre statsrådar, KS og frivilligheita ei fornya fritidserklæring. Nye partar er Kunnskapsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Norsk Kulturskoleråd, Norsk friluftsliv, BUA, Norges Musikkorps Forbund, Norges Frivilligsentralar, Kulturalliansen og Norsk kulturforum. Denne erklæringa forpliktar stat, kommune og frivilligheita til å leggje til rette for at alle barn skal ha moglegheit til å delta på minst éin organisert fritidsaktivitet saman med andre. Den fornya fritidserklæringa forpliktar regjeringa på fleire måtar enn tidlegare. Mellom anna skal regjeringa, kommunane og frivilligheita arbeide for å byggje ned barrierar mot deltakinga til barn og unge, tilknytt kjønn, etnisitet, religion, seksuell orientering, funksjonsnedsetjing, bustad og foreldra sin sosiale og økonomiske situasjon. Vidare skal den fornya erklæringa ha eit sterkare fokus på kunst- og kulturaktivitetar. Arbeidet med fritidserklæringa blir fulgt opp i ein samarbeidsgruppe der representantar for alle partane deltek. Samarbeidsgruppa deler erfaringar på feltet, oppdaterer kvarandre om aktuelle initiativ og gir innspel til partanes planer for vidare arbeid med Fritidserklæringa. Barne-, ungdoms og familiedirektoratet er sekretariat for samarbeidsgruppa.
Tidligare arbeid med fritidserklæringa har resultert i auka merksemd rundt inkludering i fritidsaktivitetar, med særleg vekt på senka barrierar for deltaking. ALLEMED, eit dialogverktøy for å inkludere barn og unge i fritidsaktivitetar, er eit resultat av arbeidet med fritidserklæringa. Vidare har erklæringa resultert i Læringsløftet «Bli med – aktiv fritid for alle», som er eit samarbeid mellom KS, Bufdir og Frivillighet Norge med mål om å stimulere til samarbeid mellom kommunar, fylkeskommunar og lokal frivilligheit.
Representanten spør også om regjeringa vil vurdere og foreslå ein lovfesting av opne fritidstilbod. Eg meiner at opne møteplassar, som fritidsklubbar, er ein viktig del av fritidstilbodet til barn og unge og bidrar til å skape ein meiningsfylt kvardag for barn og unge.
FN sin barnekonvensjon, kulturlova og folkehelselova gjeld for kommunane, og fritidsklubbar er eit verkemiddel som kan vere med å oppfylle krava til kommunane som kjem fram i lovverket. Vi er no i ein gjenoppbyggingsfase etter pandemien. I ei fersk undersøking frå Telemarksforsking seier kultursjefane i landet at dei først og fremst vil prioritere fritidsklubbar i gjenoppbygginga. Oppgåva vår i regjeringa er å støtte kommunane i arbeidet med fritidsklubbar. Vi har derfor styrkt kommuneøkonomien, slik at det skal bli lettare for kommunane å prioritere opne fritidstilbod til barn og unge.
Regjeringa har på noverande tidspunkt ikkje planlagt å lovfeste opne fritidstilbod i kommunane. Regjeringa skal gjennomføre ei utgreiing av fritidsklubbane, som oppfølging av samarbeidsstrategien for barn og ungdom i låginntektsfamiliar (2020—2023) Like muligheter i oppveksten. Departementet er i sluttfasen med å velje leverandør til utgreiing av fritidsklubbfeltet.
På nasjonalt nivå bidrar vi med fleire økonomiske støtteordningar til fritidsklubbfeltet. Barne- og familiedepartementet gir tilskot til Ungdom og Fritid gjennom Bufdir, og til mellom anna opne møteplassar gjennom Tilskudd til inkludering av barn og unge. Denne ordninga er på 555 mill. kroner og vart styrkt med 85 mill. kroner i 2022. I tillegg gir regjeringa tilskot til Ungdom og Fritid sine søkbare ordningar, og har i 2022 auka tildelingane av tippemidlar til 11 mill. kroner. I revidert nasjonalbudsjett styrkte regjeringa òg finansieringa til aktivitetstiltak og -prosjekt for barn og unge med 15 mill. kroner, og dessutan vart Ungdom og Fritid tildelt eit ekstra tilskot på 6,5 mill. kroner til satsing på dataspelaktivitetar i klubbane.