Skriftlig spørsmål fra Une Bastholm (MDG) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2788 (2021-2022)
Innlevert: 01.09.2022
Sendt: 01.09.2022
Besvart: 08.09.2022 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Une Bastholm (MDG)

Spørsmål

Une Bastholm (MDG): I forslag til kommuneplan i Halden åpnes det for store inngrep i edellauvskogsområdet i Tistedalen. Området er registrert i naturbase som svært viktig og er av nasjonal interesse. Utbyggingsområdet deler et større sammenhengende skogareal i to og overlapper med områder grunneier tidligere har tilbudt for skogvern. Når det ikke er reist innsigelse kan statsråden kalle inn hele eller deler av planen for å ivareta nasjonale interesser.
Vil statsråden gå i dialog med partene for å finne en løsning som tar vare på edellauvskogen?

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Det er statsforvaltarane som statleg regional miljøstyresmakt som har ansvaret for å sjå til at nasjonale miljøverdiar blir ivaretekne i den kommunale arealplanlegginga. Eg legg til grunn at statsforvaltarane følger opp sitt ansvar, og gjer konkrete vurderingar i dei einskilde planprosessane. Moglegheita departementet har for å kalle inn planar og omgjere dei, er eit verkemiddel det er høg terskel for å nytte, og som må sjåast på som eit unntak frå den ordinære planprosessen. Når det gjeld arealdelen til kommuneplanen for Halden kommune, går det fram av nettsida til kommunen at forslag til endringar i planen nyleg er lagt ut til nytt offentleg ettersyn, med frist for innspel innan 14. oktober.