Alfred Jens Bjørlo (V): Vil regjeringa gå i dialog med Giske kommune om å refundere utgifter til gjennomført utdjuping og tilrettelegging av Gjøsund Hamn som fiskerihamn raskast råd etter 01.01.2023, jf. inngått avtale mellom kommunen og Kystverket?
Begrunnelse
Samferdsledepartementet sette i 2019 av 105 millionar kroner til eit utdjupingsprosjekt for Gjøsund Hamn i Giske, som del av den nasjonale politikken for å legge til rette for større, meir samla og moderne fiskerikaier langs kysten. Giske kommune har forskottert midlar for å kome raskt i gang med prosjektet, som er svært etterspurt i den sterke fiskerinæringa i kommunen.
Hamna på Gjøsund har ei unik beliggenheit grunna nærheit til skipslei og flyplass og med tilliggande areal nok til å huse nødvendig servicenæring til fiskeria. Flåten i Giske består av autolinerederi, havtrålarar og kystfiske og landar årleg ca. 60 000 tonn til ein verdi av ca. 2 mrd. NOK. I ei ferdig utbygd fiskerihamn med kaier og infrastruktur vil mykje av kvantumet kunne påreknast landa på Gjøsund med dei ringverknader det vil få. Inkludert fiskeindustri, oppdrett og store leverandørbedrifter til fiskeribedrifter snakkar vi om ei næringslivsklynge med ca. 4 mrd. i omsetnad og 7- 800 tilsette.
Ut frå avtalen som er inngått mellom Kystverket og Giske kommune er det lagt opp til at refusjon skal utbetalast seinast i andre halvdel av NTP-planperioden (2024-2029). Dersom refusjonen blir utbetalt allereie i 2023, slik det er opning for i avtalen, vil det ha mykje å seie for kommune og lokalt næringsliv, men ikkje føre til auka press i bygge- og anleggsbransjen sidan prosjektet alt er gjennomført.