Skriftlig spørsmål fra Dag-Inge Ulstein (KrF) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:2820 (2021-2022)
Innlevert: 05.09.2022
Sendt: 05.09.2022
Besvart: 09.09.2022 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Dag-Inge Ulstein (KrF)

Spørsmål

Dag-Inge Ulstein (KrF): Dagens regelverk innebærer at ukrainske flyktninger som er gitt kollektiv beskyttelse i Norge ikke får innvilget barnetrygd, men blir henvist til eventuelt å søke kommunal sosialhjelp det første året.
Mener regjeringen dette er hensiktsmessig, eller vil man endre regelen slik at man ikke velter utgifter over på kommunene og tvinger folk til bruk av sosialhjelp?

Begrunnelse

Flyktninger til Norge får ikke barnetrygd dersom barnet ikke har opphold i Norge i mer enn 12 måneder. Derfor har ukrainske flyktninger, som har kollektiv beskyttelse i Norge, ikke fått behandlet sine søknader om barnetrygd. Ved NAV kontorene som behandler barnetrygd hoper nå søknadene seg opp.
Inntil det er gått et år er kommunene nødt til å supplere med sosialhjelp for å få familiene opp på tilstrekkelig livsopphold. Det er ikke barnetillegg i introduksjonsstønad, derfor må folk søke om supplerende sosialhjelp til barneforsørging på grunn av manglende rett til barnetrygd. Alternativet er økt fattigdom blant ukrainske flyktninger på introduksjonsprogrammet
Med de beregnede ankomstene av ukrainske flyktninger til Norge kan det bli snakk om flere hundre millioner kroner som statlige myndigheter velter over på kommunene slik reglene fungerer i dag.
Dersom barnet likevel bor mer enn 12 måneder skal imidlertid barnetrygden etterbetales i sin helhet. Dersom kommunene utbetaler et beløp tilsvarende barnetrygden i sosialhjelp over 12 måneder (selv om det ikke er noen automatikk her) og kollektiv beskyttelse forlenges, vil altså flyktningen få utbetalt et engangsbeløp i tillegg til tidligere ytelser, og deretter barnetrygd hver måned framover.
Dette synes som en lite hensiktsmessig ordning, som bør vurderes. I tillegg kommer at NAV kontorene som behandler barnetrygd melder om at sakene nå hoper seg opp.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Det er riktig at personar som etter utlendingslova er omfatta av ordninga for midlertidig kollektiv beskyttelse, ikkje vil ha rett til barnetrygd etter gjeldande rett. For å utløyse rett til barnetrygd må barnet vere busett og opphalde seg i Noreg i meir enn 12 månadar. Opphaldsløyva som ukrainske flyktningar har fått, er på akkurat 12 månadar, og altså ikkje tilstrekkeleg til å gi rett til barnetrygd. Dersom opphaldsløyva blir forlenga utover eit år, kan ein framsette ny søknad om barnetrygd, med moglegheit for etterbetaling i inntil tre år. I mellomtida vil det derfor som representanten viser til, kunne vere naudsynt for kommunane å gje økonomisk stønad (sosialhjelp) når vilkåra for det er oppfylte.
Slik eg forstår representanten, er han bekymra for den økonomiske meirbelastninga statlege styresmakter veltar over på kommunane. Det er kommunane som er ansvarlege for dei flyktningane som er busette i deira kommune. Så lenge dei fordrivne frå Ukraina med vedtak om kollektiv beskyttelse er busett i ein kommune, vil dei ved behov ha rett til økonomisk stønad (sosialhjelp) og andre individuelle tenester etter sosialtenestelova frå denne kommunen.
For framtidige tilfelle kor eit vedtak om kollektiv beskyttelse eventuelt blir forlenga ut over eit år, er det korrekt at flyktningen etter gjeldande rett vil få etterbetalt barnetrygd, som då kjem i tillegg til tidlegare utbetalt økonomisk stønad (sosialhjelp), og også barnetrygd kvar månad framover. Det er etter gjeldande rett ikkje nokon føresegn i sosialtenestelova eller barnetrygdlova som gir kommunen tilgang til å krevje refusjon for sosialhjelp i etterbetaling av barnetrygd. Eg viser også til at kommunane frå 1. september 2022 ved vurdering av søknad om økonomisk sosialhjelp til familiane ikkje lengre tar omsyn til om søkjaren får barnetrygd. Kommunane er kompensert for denne endringa.
Ordninga med kollektiv beskyttelse etter utlendingslova - som ikkje har vore mykje nytta tidlegare, har synleggjort problemstillingar på barnetrygdområdet som er nye. Dersom barnetrygdlova skal tilpassast situasjonen med dei fordrivne frå Ukraina som har fått kollektiv beskyttelse i Noreg etter utlendingslova, reiser dette ei rekke spørsmål det er naudsynt å utgreie og avklare nærare. For å sikre likebehandling, er det mellom anna eit spørsmål om også andre grupper med opphald på anna grunnlag inntil eit år bør være omfatta av moglege endringar, og det må avklarast kva for konsekvensar slike endringar i så tilfelle kan få. Eg vil på bakgrunn av dei erfaringane ein har gjort seg, sjå nærare på problemstillingane denne saka reiser, og deretter vurdere eventuelle justeringar i gjeldande regelverk.
Eg legg avslutningsvis til at etter det eg er gjort kjent med, vil NAV innan kort tid behandle søknadane om barnetrygd som førebels ikkje er behandla.