Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2836 (2021-2022)
Innlevert: 07.09.2022
Sendt: 07.09.2022
Besvart: 14.09.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Meiner statsråden det er rettferdig og forsvarleg at innbyggjarane og næringslivet skal måtte betale fulle bompengesatsar på strekninga Trondheim-Stjørdal, for ei vare dei ikkje får under byggjetida for ny E6, og har statsråden ein plan for utbetring av fylkevegnettet som vert slitt pga. omfattande bruk som omkøyringsveg?

Begrunnelse

I Trøndelag blir E6 mellom Trondheim og Stjørdal bygd ut, og det er bra.
Derimot opplever innbyggjarane og næringslivet stor urett ved at ein må betale fulle bompengesatsar for ei vare ein ikkje får under byggjetida. Det er hyppig vegarbeid med tunell stengningar, nedsatt hastigheit og større omkøyringar i forbindelse med vegutbygginga.
Strekninga holder ikkje lenger motorvegstandard i byggjetida og det er såleis grovt urettvis at ein må betale full bompengetakst. Dei eksisterande vegane er nedbetalt for mange år sidan, men ein har likevel fortsett med bompengeinnkreving til finansiering av heilt andre prosjekt eller i dette området. Dette betyr at ein i Malvik i Trøndelag også har betalt for vegen sin mange gongar og finansiert anlegg andre stadar, og no i tillegg må betale for noko ein ikkje får i byggjetida av ny E6. Det medfører også stor slitasje på fylkevegnettet pga. omkøyringane, og plan for korleis dette skal utbedrast er uvist.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Bompengeinnkrevjinga på E6 mellom Trondheim og Stjørdal som går føre seg no, er knytt til nedbetaling av gjeld frå utbygginga av prosjektet E6 Trondheim-Stjørdal. Det er derfor ikkje riktig at eksisterande veg er nedbetalt for mange år sidan. Prosjektet har vært behandla i Stortinget fleire gonger, seinast ved stortingsbehandlinga av Prop. 32 S (2014–2015), jf. Innst. 118 S (2014-2015). I følge prognosen vil bompengeselskapet Vegamot ha nedbetalt all gjeld i dette prosjektet i løpet av 2024. Ved årsskiftet hadde Vegamot uteståande fordringar på dette prosjektet på om lag 500 mill. kr. Til orientering kan det opplysast at dette var eit av prosjekta som sleit under nedstigninga under pandemien på grunn av sviktande inntekter frå reisande til og frå Trondheim Lufthamn Værnes.
Når det gjeld den pågåande byggeaktiviteten i området, er dette knytt til prosjektet E6 Ranheim – Åsen. Også dette er eit prosjekt delfinansiert med bompengar, jf. stortingsbehandlinga av Prop. 81 S (2017–2018) og Innst. 298 S (2017-2018). Utbygginga skjer no med rekvirering av midlar frå bompengeselskapet Vegamot. Vegamot vil etter planen starte innkrevjinga for nedbetaling av sine låneopptak til dette prosjektet når utbygginga av ny E6 er ferdig.
All stenging av veg vil føre til nokre ulemper for trafikantane. Det er mange årsaker til at ein veg må stengast, og i mange tilfelle vil det vere nødvendig å gjere avbøtande tiltak i eit forsøk på å sikre rimeleg grad av framkomme. Det er ikkje vanleg er å kompensere den enkelte trafikant for dei ulempene ein stengt veg medfører. At trafikantar må køyre omvegar fordi ein veg blir stengt, utløyser altså ikkje kompensasjon.
Når det gjeld det siste spørsmålet, om utbetring av fylkesvegnettet pga. omfattande bruk som omkøyringsveg, så blir E6 Ranheim - Åsen bygd av Nye Veier AS. Statens vegvesen har ansvaret for riksvegkontraktane og fylkeskommunane for fylkesvegkontraktane sine. Når sidevegnettet blir slite ned fordi det blir nytta til anleggsdrift, ligg tilbakeføring til opphavleg stand inne i prosjektkostnadene, uavhengig av vegeigar. Når det gjeld auka slitasje på grunn av at vegen blir brukt som omkøyringsveg for den «ordinære» trafikken, er det ikkje vanleg å kompensera for dette. Det same gjeld ved omkøyring ved stengd veg av andre årsaker. Ved avtale om kompensasjon vil det i tilfelle vera ei sak mellom Nye Veier AS som byggherre og Trøndelag fylkeskommune som vegeigar. Nye Veier AS fortel meg at dei har ein god dialog med Trøndelag fylkeskommune om temaet.