Skriftlig spørsmål fra Grete Wold (SV) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2860 (2021-2022)
Innlevert: 09.09.2022
Sendt: 09.09.2022
Besvart: 19.09.2022 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Grete Wold (SV)

Spørsmål

Grete Wold (SV): Økende boligpriser, et utfordrende leiemarked og økende renter vil eskalere utviklingen av økende forskjeller. Regjeringen viser til pågående arbeid, og henviser til at de følger utviklingen.
Hvilke konkrete tiltak vil statsråden sette inn for å få kontroll på en situasjon som trolig vil få alvorlige konsekvenser og øke forskjellene i befolkningen?

Begrunnelse

Det er en krevende tid for mange, spesielt de unge møter utfordringer som kan få alvorlige konsekvenser både for den enkelte og samfunnet. Tilgangen til egnet og egen bolig er en forskjellsdriver som raskt skaper økte forskjeller i makt og rikdom. SV er opptatt av at vi skal bremse denne utviklingen, og har fremmet forslag om tiltak for en mer rettferdig boligpolitikk. Dette stemmes ned, og det henvises til pågående arbeid fra regjeringen. Faktum er at det er en kraftig økning i prisnivået på boliger, stadig færre og dyrere leieobjekter og renteøkning. Dette er en utvikling som krever at regjeringen ser utfordringene i sammenheng og iverksetter kraftige politiske grep for å begrense konsekvensene av det urettferdige boligmarkedet.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: I Hurdalsplattforma har regjeringspartia sagt at enda fleire skal få moglegheita til å eige sin eigen bustad. Eigarlinja står sterkt i Noreg, og så mange som 8 av 10 eig bustaden dei bur i. Noreg har òg den høgste delen unge bustadeigarar i Europa i dag. 70 prosent av alle i starten av 30-åra bur i ein eigd bustad. Samstundes ser eg at ein god del menneske finn situasjonen på bustadmarknaden krevjande. Særleg gjeld dette i Oslo og andre storbyar, kor bustadprisane er ekstra høge. Startlån er vårt viktigaste verkemiddel for at husstandar med langvarige bustadfinansieringsproblem kan kjøpe bustad. Året 2021 var det femte året på rad
med rekord i kor mange startlån som er gitt. Kommunane lånte ut 13,5 milliardar kroner til nær 7 400 husstandar. 4 200 av desse var barnefamiliar. I statsbudsjettet for 2022 auka vi låneramma til Husbanken med 2 milliardar kroner, der startlån har høgaste prioritet. Regjeringa vil òg leggje til rette for at kommunane i samarbeid med aktørar som bustadbyggjelaga kan byggje bustader til folk som ikkje har tilstrekkeleg eigenkapital. Vi vil derfor sjå på korleis vi kan leggje til rette for alternative former for etablering, som "leige-til-eige"-modellar og andre bustadkjøpsmodellar. Eg vil òg trekke fram at ikkje alle ynskjer eller treng å bu i dei store byane. Regjeringa er oppteken av å finne gode løysingar for kommunar i distrikta som har lav nybygging, samstundes som det er mangel på bustader som er tilpassa befolkninga sine behov. Når det
er få aktørar i bustadmarknaden, er behovet for at kommunane tar ei aktiv rolle spesielt stort. Regjeringa vil i åra som kjem styrke det distriktsretta arbeidet i Husbanken. Eigarlinja i bustadpolitikken ligg altså fast. Samstundes er det viktig for regjeringa å jobbe for stabile og gode buforhold for leigetakarar. Nær ein million nordmenn bur i leigd bustad i dag, og talet aukar. Mange som leiger bur bra, men det er også utfordringar i leigemarknaden som vi må ta tak i. Leigetakarar har oftare høge buutgifter i forhold til inntekta si, og har oftare ustabile buforhold og dårleg bukvalitet. Nyleg hadde eg eit møte med ei rekke aktørar for å få innspel om korleis vi kan auke talet på utleigebustader, og korleis vi kan sikre trygge buforhold for leigetakarane. Her fekk vi mellom anna innspel om å gjere endringar i husleigelova. Eg vil prioritere arbeidet med å sikre betre
forhold i leigemarknaden. Eg skjønar av spørsmålet frå Grete Wold at ho er utolmodig for å få til ein styrka bustadpolitikk. Eg er òg utolmodig. Regjeringa vil arbeide kontinuerleg for å forbetre bustadpolitikken, og leggje fram tiltak undervegs. Samstundes er eg oppteken av at vi får eit heilskapleg bilete av bustadmarknaden, slik at vi er trygge på at vi bruker dei verkemidla som verkar best. Vi er difor i gang med ei stortingsmelding om bustadpolitikken, som vil bli lagt fram for Stortinget i 2024. I dette arbeidet vil vi sjå nærmare på utfordringar på både eige- og leigemarknaden, og vi vil sjå på kva rolle kommunane og Husbanken skal ha på dette viktige
området i åra som kjem.
Eg ser fram til mange gode og viktige diskusjonar om bustadpolitikken i tida framover.