Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2866 (2021-2022)
Innlevert: 09.09.2022
Sendt: 12.09.2022
Rette vedkommende: Kunnskapsministeren
Besvart: 20.09.2022 av kunnskapsminister Tonje Brenna

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Kva tiltak har regjeringa sett i verk for å følgja opp vegkartet for universelt utforma nærskular, og kva vil statsråden gjera for å sikra at alle nærskular vert universelt utforma innan 2030?

Begrunnelse

Alle barn har rett til å gå på nærskulen sin. For at det skal vera mogleg må skulebygg og uteområde vera tilgjengelege for alle – både elevar, lærarar, vedlikehaldspersonell og innbyggarar. I dag må mange barn gå på ein annan skule enn barna i nabolaget, fordi skulane ikkje er tilgjengelege.
Å vera del av nærmiljøet sitt og det lokale læringsmiljøet kan bety mykje for enkeltmenneske si utvikling og livskvalitet. Skulane har også ein sosial funksjon utanom vanleg skuletid. Det kan vera klassefestar, idrett, korps eller andre møte og arrangement.
I 2018 presenterte Bufdir «Veikart. Universelt utformet nærskole 2030». Vegkartet legg opp til ei djuptgripande satsing på offentlege verkemiddel for å sikra at alle barn skal ha høve til å gå på nærskulen sin innan 2030.
I vegkartet står det mellom anna:

«Det er kommunen som er skoleeier og har ansvar for sine skoler. Erfaringer og dagens status tilsier likevel at dette er et område der det er behov for at staten tar ansvar og får til en nasjonal dugnad for å nå målet om en universelt utformet nærskole innen 2030.»

Tonje Brenna (A)

Svar

Tonje Brenna: Spørsmålet er retta til kommunal- og distriktsministeren, men svarast ut av meg som ansvarleg statsråd på området.
Eg er samd med representanten i at det er grunnleggjande for nærmiljøet og for inkludering i skulen at alle har tilgang til skulebygg og uteområde. Universell utforming er spesielt avgjerande for enkeltelevar, men løysingar som er universelt utforma, er viktig for alle barna, for foreldre og andre som besøker skulane, og ikkje minst for dei tilsette.
I Hurdalsplattforma skriv regjeringa at vi vil gjennomføre «Veikart for universelt utformet nærskole» innan 2030, blant anna ved å gjeninnføre rentekompensasjonsordninga for skulebygg og svømmeanlegg.
Alle grunnskuleelevar har rett til å gå på nærskulen sin. Plan- og bygningsloven stiller krav til universell utforming i forbindelse med planlegging og oppføring av nye skular, og for gamle skuler gjeld kravet ved endringsarbeid som omfattast av denne lova. Opplæringslova stiller òg krav til skular om fysisk miljø. Ho slår fast at alle elevar har rett til ein arbeidsplass som er tilpassa behova deira, og at skulen skal innreiast slik at det blir teke omsyn til dei elevane ved skolen som har funksjonshemmingar. At elevar med funksjonshemmingar sine behov skal tas hand om, har òg ei tydeleg forankring i forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler m.v. Det er kommunen, som skuleeigar, som har ansvar for at deira bygg oppfyller krava.
Vi har ikkje ei nasjonal oversikt over kor stor del av skulane som er universelt utforma og eksisterande kartleggingar spriker. Det gjer det krevjande å utforme tiltak og berekne kostnadar. Kunnskapsdepartementet er i gang med å vurdere korleis regjeringa bør følgje opp punktet om Veikartet for universelt utforma nærskule.