Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2894 (2021-2022)
Innlevert: 14.09.2022
Sendt: 14.09.2022
Besvart: 21.09.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Vil samferdselsministeren lytte til og opne opp for at Borgundfjordtunellen kan bli realisert, samt at den sterkt trafikkerte og ulykkesutsatte strekninga på E-39 Veibust, Blindheim til Moa snarast vert planlagt, prosjektert og realisert?

Begrunnelse

I Ålesundsregionen er området E-39 Blindheim - Breivika inkl. Veibustkrysset, fylkets mest trafikkbelasta område.
Området har langt over 20 000 bilar i døgnet på smal tofeltsveg, og trafikkbelastninga er aukande.
Området har også hatt fleire alvorlege ulykker, seinast i år tre dødsfall i Blindheimstunellen, og det er årleg fleire ulykker i området og spesielt i Veibustkrysset.
Fleirtalet politisk har etter innstilling frå Statens vegvesen region midt, IKKJE prioritert dette svært traffikkerte området og sterkt ulykkesutsatte området. Uforståeleg for dei fleste har Statens vegvesen region midt på Molde prioritert heller Møreaksen med sine 2 300 bilar i døgnet med "null komma null" ulykker og svært lav trafikkbelastning til fleire titals milliard kroner. Kva fagleg forankring som ligger til grunn for dette fra Statens vegvesen er for dei fleste ei stor gåte.
I Ålesundsområdet har eit privat engasjement lansert, planlagt og prosjektert den såkalla "Borgundfjordtunellen" som går frå Sula til Ålesund sentrum, og vil avbelaste betydeleg trafikken gjennom Blindheim- Breivika området.
Fram til no har Statens vegvesen region midt på Molde motarbeidd dette alternativet kraftig, av kva grunn er uforståeleg og vitnar meir om at dei tydelegvis “ikkje har kome på dette sjølve“.
Borgundfjordtunellen vil altså ikkje belaste staten og skattebetalarane med ei krone, men danne grunnlaget for eit betydeleg enklare, billigare og ei effektiv bygging av framtidig ny Blindheimstunell og ny parsell E-39 Veibustkrysset til Moa.
No blir Borgundfjordtunellen løfta fram av fleire, og det er snart på tide at statsråden "ryddar opp" i Statens vegvesen region midt på Molde, og sørgar for at planlegging og engasjementet der faktisk også kan være for fylkets mest trafikkerte og ulykkesbelasta område.
Tiltak, planlegging og fysisk bygging av ny E-39 Veibustkrysset, Blindheim, og vidare til Moa hastar, vi har ikkje råda til fleire alvorlege ulykker og vi har ingen fleire liv å miste.
Det private initiativet for bygging og realisering av Borgundfjordtunellen er svært viktig, og vil kunne avhjelpe på situasjonen i trafikkbelastninga i Ålesundsregionen på ein svært god og trafikksikker måte.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Borgundfjordtunnelen vart vurdert i eit av dei forkasta konsepta i konseptvalutgreiinga for transportsystemet i Ålesund. Tunnelen ville bringe meir biltrafikk inn i eit sentrumsområde der målet er fleire skal sykle, gå og reise kollektivt og at reiser med personbil skal reduserast. Bypakke Ålesund er akkurat starta opp med tiltak som byggjer opp om desse måla. Borgundfjordtunnelen er ikkje ein del av bypakken.
Borgundfjordtunnelen inngår heller ikkje i vedteke konsept for E39 Skei-Ålesund. Ut frå dei to konseptvalutgreiingane opplyser Statens vegvesen at dei ikkje vurderer Borgundfjordtunnelen som ein aktuell del av riksvegnettet. Det vil ut frå dette ikkje vere aktuelt for Samferdselsdepartementet å gjere nærmare vurderingar av Borgundfjordtunnelen nå.
Prosjektet E39 Vegsund-Breivika var prioritert i Nasjonal transportplan (NTP) 2018-2029 med oppstart i siste periode. Ut frå dette vart det satt i gang arbeid med kommunedelplan på strekninga. Arbeidet er under sluttføring.
Prosjektet vart ikkje prioritert med oppstart i første seksårsperiode av NTP 2022-2033.
Eg er opplyst om at E39 Veibustkrysset er med i Statens vegvesen si prioritering i Gjennomføringsplan 2022-2026.