Skriftlig spørsmål fra Olaug Vervik Bollestad (KrF) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2899 (2021-2022)
Innlevert: 14.09.2022
Sendt: 14.09.2022
Besvart: 23.09.2022 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Olaug Vervik Bollestad (KrF)

Spørsmål

Olaug Vervik Bollestad (KrF): Hva vil statsråden gjøre for å forhindre at familier med barn med funksjonsnedsettelser som tilfeldigvis bor på en gård ikke får samme hjelp som andre?

Begrunnelse

Nationen forteller om en familie som har tatt over et småbruk på odel. Datteren deres har cerebral parese og sitter derfor i rullestol. For å tilrettelegge for henne søkte de om et startlån til kommunen gjennom husbanken hvor de fikk avslag som følge av at ordningen ikke gjelder ved kjøp av landbrukseiendommer da det regnes som en investering i næring.
Familien fikk ytterligere avslag da de tjener for godt, men får heller ikke innvilget hele lånesummen de trenger for å gjøre nødvendige justeringer. De forteller også at å gjøre seg belånt med å gjøre justeringene vil det legge bånd på landbruksproduksjonen deres.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Eg takkar representanten Bollestad for eit svært viktig spørsmål og eg vart sjølv berørt av saka slik den framkjem i Nationen. Alle familiar med barn med funksjonsnedsetting skal få den hjelpa dei treng frå det offentlege, uavhengig av kor dei bur.
Saka som Bollestad tek opp i sitt spørsmål, er handsama av kommunen, og eg kjenner den berre gjennom omtale i media. Slik saka er framstilt i media, kan det framstå som det kan vere noko uklarheit knytt til regelverket for startlån. Eg har derfor bedt Husbanken følgje opp overfor den aktuelle kommunen og stille seg til disposisjon, slik at kommunen kan få råd og veiledning om kva for rom det er i startlånsordninga, og at ein samstundes forsikrar seg om at kommunen har full oversikt over andre ordningar som eventuelt kan vere aktuelle.
Startlånet er eit av dei viktigaste bustadsosiale verkemiddel vi har for å hjelpe folk til å skaffe seg og behalde ein eigna bustad. Husbanken lånar ut midlar til kommunen, som kan gje lån vidare til innbyggjarane. Det er kommunane som handsamar lånesøknadene, og som vurderer om dei oppfyller krava. Startlån er ikkje ei ordning den enkelte har rett på. Sjølv om ein oppfyller vilkåra, kan kommunen avslå søknaden for eksempel på grunn av manglande midlar eller eigne retningslinjer for prioriteringar. Det er uansett ein føresetnad for å få startlån, at søkaren ikkje kan få lån for dette beløpet i ein vanleg bank. I nokre tilfelle kan ein samfinansiere med både lån frå privat bank og toppfinansiering frå startlån.
Startlån er eit tilbod om finansiering av bustad, og går derfor i utgangspunktet ikkje til kjøp av landbrukseigedom. Kommunane kan gjere nokre unnatak, for eksempel for småbruk kor prisen på eigedomen ikkje er høgare enn for ein tilsvarande nøktern bustad i distriktet. Startlån skal òg bidra til at familiar kan tilpasse bustaden sin. Det gjeld òg bustader som står på ein landbrukseigedom.
Kommunane har derfor moglegheit for å tildele lån til tilpassing av ein bustad sjølv om den står på ein landbrukseigedom. Hensikta er at tilpassinga skal bidra til at husstanden kan fortsette å bu i bustaden.
Familiar som treng å tilpasse bustaden sin, kan òg søke kommunen om tilskot til tilpassing av bustad. Tilskotet er regulert i bustøttelova § 15. Kommunen kan etter søknad gi tilskot til personar med behov for tilpassa bustad no eller i framtida. Dette tilskotet kan bli gitt både til mindre tiltak, som å fjerne dørtersklar, men òg til større tiltak, som å byggje om og endre romløysning. Sjølv om kommunen ikkje har ei plikt til å gi slike tilskot, har dei ei plikt til å vurdere søknadene.
Det går òg an å søkje Arbeids- og velferdsetaten om bustadhjelpemiddel som rampe, heis, døropnarar og heve- og senkemekanismar på kjøkkenet. Arbeids- og velferdsetaten kan i enkelte tilfelle vurdere å gi tilskot i staden for hjelpemiddel. Tilskotet skal uansett ikkje erstatte lån eller tilskot frå Husbanken eller kommunen, og kommer eventuelt i staden for eller i tillegg til andre ordningar. Kommunen hjelper til med søknaden.
Eg håpar at både denne familien og andre i liknande situasjonar finn ei løysing saman med kommunen.