Skriftlig spørsmål fra Hege Bae Nyholt (R) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:2911 (2021-2022)
Innlevert: 15.09.2022
Sendt: 16.09.2022
Besvart: 26.09.2022 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Hege Bae Nyholt (R)

Spørsmål

Hege Bae Nyholt (R): Har barne- og familieministeren en opptrappingsplan for å sikre bemanning og kompetanse til barnevernsinstitusjoner som – ifølge politiske signalene i hurdalsplattformen og profittfriutvalgets mandat – på sikt skal drives i statlig regi, og hva er i så fall innholdet i en slik plan?

Begrunnelse

Regjeringen har vist politisk vilje til å gjøre endringer på bruken av kommersielle aktører i velferdstjenester generelt, og på barnevernsfeltet spesielt. Det ønsker jeg å rose ministeren for. Både mandatet for utvalget som skal utrede hvordan kommersiell drift kan utfases i ulike skattefinansierte velferdstjenester og utvalget som skal se på organisering og innhold i barnevernsinstitusjonene danner gode grunnlag for å ta tak i noen av de de mest problematiske sidene ved hvordan barnevernet fungerer i dag.
Barnevernet skal ta vare på de aller mest utsatte barna og ungdommene i samfunnet vårt. En barndom er kort, og selv om utvalg og utredninger er bra, er tiden det tar å lage og behandle dem lang i et barneperspektiv. Ministeren har alt gjort klart at man søker å trappe ned på rammeavtalene med kommersielle aktører til fordel for ideelle, og bevilget i fjor øremerkede midler til dette.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Regjeringa ønsker å gradvis fase ut store kommersielle aktørar innanfor barnevernet og sikre ideelle verksemder langsiktige avtalar med det offentlege. Dette krev ei styrking av det statlege tilbodet.
For inneverande år har vi prioritert 150 millionar kroner til omstilling og styrking av dei statlege institusjonane. Omstillinga inneber mellom anna auka kompetanse og bemanning for å kunne ta imot barna med dei største utfordringane. Midlane skal òg leggje til rette for auka bruk av ideelle leverandørar og redusert behov for dei kommersielle aktørane. I tillegg er det frå og med 2022 stilt klare krav til kompetanse for tilsette i barnevernsinstitusjonar, mellom anna at nytilsette fagpersonell minst skal ha relevant utdanning på bachelornivå.
I det nye avtaleverket med dei ideelle leverandørane, som blei sluttforhandla i sommar, er delen plassar med kjøpsgaranti auka frå om lag 60 til om lag 90 prosent. I tillegg er krava til bemanning og kompetanse i dei ideelle institusjonane auka, noko som inneber høgare døgnprisar. Avtalane er og gjort løpande og langsiktige. Dette synar at omstillinga går i den retninga Hurdalsplattforma peikar. Bufdir vil fortsetje dialogen med ideell sektor om behov og potensial for ytterlegare oppskalering og nyetablering av tenestetilbodet på institusjonsområdet, med utgangspunkt i dei faglege og økonomiske rammevilkåra for tenestene. Direktoratet er òg i gong med planlegginga av anskaffing av ytterlegare plassar, primært fleksibel kapasitet som i dag i hovudsak vert levert av kommersielle leverandørar. Dei vil i denne prosessen prioritere ideelle framføre kommersielle, og prioritere kommersielle utan konsernstruktur framfor andre kommersielle leverandørar – gitt at tilboda elles er likeverdige. Dette er i tråd med dei føringane eg har gitt. Bufdir har som mål å inngå avtalar om ytterlegare plassar, hovudsakeleg om fleksibel kapasitet, innan utgangen av 2022. Parallelt med dette pågår det ei styrking og omstilling av statens eige tilbod, noko som er ein viktig del av endringsarbeidet
Det er eit mål for denne regjeringa å gradvis fase ut kommersialiseringa i sektoren, særleg den som er knytt til store kommersielle aktørar med konsernliknande strukturar, ofte med utanlandsk eigarskap. Bufdir har blitt gitt føringar knytt til dette. Eg vil òg presisera at regjeringa er tydeleg på at endringane ikkje skal gå ut over tilbodet til barna.
Før ein kan avslutte bruken av dei kommersielle må dei statlege institusjonane kunne ta i vare på barna med dei største og mest komplekse behova. Omstillinga må difor skje gradvis, og er avhengig av dei ordinære budsjettprosessane.