Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2922 (2021-2022)
Innlevert: 16.09.2022
Sendt: 19.09.2022
Besvart: 26.09.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Kan eg be om statsråden si vurdering på kva kjøp av FOT-rute frå 2024 ved Stord lufthamn vil bli, gitt dei to alternativa, at det finnes eit flyrutetilbod ved lufthamna, og at det må opprettast eit nytt tilbod med tilhøyrande sertifisering av personell, utstyr og opparbeiding av eit kundegrunnlag etc. (Alt sett i lys av lengda på FOT-rute anbodet)?

Begrunnelse

Det har ved fleire høve blitt etterspurt staten sin medverknad til å oppretthalde flyrutetilbodet ved Stord Lufthamn, også for etterverknadane av COVID. Flybransjen har hatt tøffe tider, og har fått støtte til å kome gjennom desse utfordrande tidene. For Stord lufthamn vart denne støtta kun gjeve i 9 mnd. under førre regjering.
Situasjonen ved lufthamna er no at kabinfaktoren går stadig opp, men DAT sine prioriteringar for flya har gjort at rutetidene er blitt svært lite hensiktsmessige for lufthamna og for passasjerane, noko som også går ut over passasjertrafikken då ein eksempelvis ikkje får med seg passasjerar frå dei omkringliggjande kommunane. Første (og einaste) fly om morgonen går no eksempelvis kl. 06:15. Dette kan DAT gjera fordi dei ikkje har bindande avtalar å halde seg til, som ein kontrakt med staten (FOT-rute) ville sett krav om.
Statsråden har tidlegare sagt at Stord lufthamn vil blir vurdert ifm. rutekjøp frå 2024. I mellomtida kan ein stå i fare for at tilbodet som vi i dag har opphøyrer, og at ein då må starte på nytt, både med å bygge opp eit kundegrunnlag og få tak i nye tilsette. Dette vil sjølvsagt bli store kostnader både for lufthamna og for ruta, dvs. dyrare både for staten og for eigar kommune/fylke. Det er difor av interesse å få ei oversikt over korleis statsråden vurderer samfunnsrekneskapen ved ikkje å gå inn og halde ruta i drift fram til FOT-ruteanbodet vil gå ut.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Det mellombelse pandemirelaterte flyrutekjøpet på ruta Stord–Oslo i 2021 vart gjennomført utanfor dei normale prosedyrereglane for flyrutekjøp. Dette var grunngjeve med at me sto i ein krisesituasjon som ein ikkje kunne sjå kome då reglane vart utforma. I ein normalsituasjon, som no, kan eit slikt mellombels flyrutekjøp vanskeleg forsvarast. Eit eventuelt flyrutekjøp på Stord må difor gjerast innanfor dei normale prosedyrereglane og ut frå ei vurdering av om ruta kan og bør inngå som ei FOT-rute.
Eg kan ikkje forskottere kva for flyruter som skal inkluderast i den komande flyruteanskaffinga frå 2024. Mellom anna vil den transportfaglege utgreiinga som no er under utarbeiding ligge til grunn for den vurderinga. Ved endringar er det den til kvar tid rådande situasjonen som gjer føresetnadene. Utgreiinga skal sendast ut på høyring når den er ferdigstilt, etter planen i november.