Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2932 (2021-2022)
Innlevert: 19.09.2022
Sendt: 19.09.2022
Besvart: 27.09.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren legge fram ei oversikt over kva planleggingsmidlar som er forbrukt til Møreaksen i perioden 2011 og til dags dato i 2022, og som også viser korleis dette er finansiert av Statens vegvesen region midt?

Begrunnelse

I meir enn 30 år har E-136 Romsdalen vore prioritert som nr. 1 av eit samla næringsliv, eit samla fylkesting samt alle kommunane, i absolutt samtlige høyringar til NTP. Denne prioriteringa har blitt fulgt opp av ulike regjeringar og prioritert. Likevel ser vi at E-136 ikkje har blitt verken prosjektert, planlagt eller prioritert av Statens vegvesen region midt. Svært mange undrar seg no på korleis noko slikt kunne skje, og kvar planleggingsmidlane til Møre og Romsdal innan riks og stamvegar hatt tatt "vegen".

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: I følgje prosjektmodellen i staten skal det for investeringsprosjekt over 1 milliard kroner vere godkjent konsept eller gitt fritak for konseptval før ein kan starte planlegging etter plan- og bygningslova. Dette gjeld også E39 Ålesund-Molde.
I 2010 bestilte daverande regjering ei konseptvalutgreiing for E39 Ålesund-Bergsøya. Statens vegvesen leverte ei slik utgreiing i 2011 og regjeringa Solberg vedtok i 2014 konsept for dei to strekningane mellom Ålesund (Breivika) og Digernes i Ålesund-kommune, som er ei fellesstrekning for E39 og E136, og mellom Vik i Vestnes kommune og Bergsøya i Gjemnes kommune. I perioden 2010-2013 vart det derfor berre nytta midlar til utarbeiding av konseptvalutgreiinga og ekstern kvalitetssikring (KS1). Planlegging etter plan- og bygningslova vart starta saman med aktuelle kommunar i 2014.
For strekninga Digernes i Ålesund kommune til Vik i Vestnes kommune, som for ein stor del er fellesstrekning for E39 og E136, ba regjeringa om ei tilleggsutgreiing. Statens vegvesen leverte den i 2018 etter ei høyring. Regjeringa Solberg vedtok konsept på denne strekninga i 2019. Det var då mogleg for Statens vegvesen å starte planlegging etter plan- og bygningslova også på denne strekninga.
Det er vedteken reguleringsplanar for den nordlege delen av E39 Ålesund-Molde, frå Vik i Vestnes kommune til Bolsønes i Molde kommune. Statens vegvesen driv med optimalisering innafor dei vedtekne planane for å redusere usikkerheit og kostnadar i prosjektet. Mellom anna har denne optimaliseringa gjort at botnpunktet i den undersjøiske tunnelen er løfta og tunnelen korta inn med 1,5 km. Brua over Julsundet kan byggast med smalare brukasse som reduserer mengda stål som er naudsynt. I dette arbeidet er det gjort omfattande grunnundersøkingar og kartlegging av miljølaster (vind, straum, bølger).
Saman med Vestnes og Ålesund kommunar held Statens vegvesen på med planlegging av strekninga Breivika-Vik. Det er eit mål at siste reguleringsplan skal vere vedteken i løpet av 2025.
Til planlegging etter plan- og bygningslova og optimalisering av desse planane er det frå 2014 til og med august 2022 nytta om lag 390 millionar kronar i løypande kroneverdi. Desse midla er finansiert av dei planmidla som bli stilt til rådvelde for Statens vegvesen i dei enkelte statsbudsjetta.
Utbyggingsansvaret for E136 Dombås-Vestnes er overført til Nye Veier AS, jf. Innst. 653 S (2020-2021) og Meld. St. 20 (2020-2021). Det er selskapet som prioriterer tiltak og utbyggingsrekkefølgen for desse tiltaka.
Før utbyggingsansvaret vart flytta, har Statens vegvesen saman med Rauma kommune fått vedtatt reguleringsplan for E136 Stugguflåten-Raudstøl. Det er vedtatt kommunedelplan for E136 Veblungsnes og E136 Flatmark-Monge og lagt grunnlag for reguleringsplaner for E136 Flatmark-Monge-Marstein og E136 Veblungsnes.