Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2933 (2021-2022)
Innlevert: 19.09.2022
Sendt: 19.09.2022
Besvart: 26.09.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kva vil samferdselsministeren gjere for å kunne styrke trafikkstasjonen i Hovden i Ørsta kommune, slik at ventetida for å kunne ta førarprøver kan gå ned og at tjenestilbodet generelt blir betra for innbyggjarane og næringslivet, noko som er svært viktig for heile regionen på Søre Sunnmøre?

Begrunnelse

Ved trafikkstasjonen i Hovden i Ørsta kommune, som ligg sentralt på Søre Sunnmøre opplever ein kraftig auke i ventetida for førarprøver, og andre tjenester frå trafikkstasjonen.
Trafikkstasjonen i Hovden i Ørsta gjev eit svært viktig tilbod til om lag 50.000 innbyggjarar.
Tilbodet om praktiske prøver er av stor betyding, både praktisk og økonomisk for folk som skal ta køyreprøva og for næringa som har bygd opp verksemder og arbeidsplassar. Det har også ei samfunnsøkonomisk side ved at innbyggarane får tenestene sine i den regionen der dei bur, innanfor rimeleg reisetid og avstand.
Trafikkstasjonen har også ei viktig oppgåve knytt til trafikk-kontrollar. Både politiet og kommunen har ei oppfatning av at dette arbeidet er redusert i region.
Det vert opplyst at talet på sensorar er redusert, og at dei som er att må dele tida si mellom Hovden og Ålesund. Dette fører til lang ventetid frå avslutta opplæring til oppkøyring, som er både upraktisk og frustrerande for elevane.
Med ei ventetid på fleire månader risikerer dei også å gløyme ein del av det dei har lært innan oppkøyring, slik at risikoen for å stryke aukar, som følgje av situasjonen. Det kan også gå ut over næringa, som opplever å miste elevar til Nordfjord.
I tillegg er det mange som av ulike grunnar treng vurdering av sensor for å behalde sertifikatet og dysleksi eller språk utfordringar ved teoriprøver treng at sensor er til stades.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Statens vegvesen har i fleire år lagt stor vekt på å utvikle gode nettbaserte løysingar slik at kundane får utført tenestene utan å måtte møte opp ved trafikkstasjonane. Dette har gitt eit betre tenestetilbod for slike tenester og ført til at langt færre drar på ein trafikkstasjon.
Pandemien har som kjent ført til at langt fleire ynskjer å ta førarkort enn det som har vore vanleg dei siste åra. Når det gjeld teoriprøver er det i Ørsta likevel tilfredsstillande kapasitet. Statens vegvesen opplyser at det per 22.9. er tilgjengelege teoriprøver ved Ørsta trafikkstasjon denne veka.
Når det gjeld praktiske førarprøver har det vore større utfordringar med å få tilstrekkeleg kapasitet. Statens vegvesen har difor lagt ned eit betydeleg arbeid i å tilsetje og utdanne nye førarprøvesensorar. Dette er eit arbeid som framleis held fram. Statens vegvesen opplyser at situasjonen mange stader i landet har normalisert seg, men det er også stader der tilbodet framleis ikkje er godt nok. Statens vegvesen opplyser at det har vore ekstraordinære utfordringar, mellom anna i Ørsta der det så langt i år er avvikla 816 praktiske prøver ved stasjonen, noko som er ein liten nedgang frå 2021. Dei opplyser vidare at fyrste ledige prøve for personbil er i slutten av november, og at dei vil gjere ekstra tiltak for å bøte på denne situasjonen.
Mellom anna for å leggje til rette for mest mogleg effektiv drift, blir både førarprøvene, køyretøykontrollen og skranketenestene samordna med trafikkstasjonen i Ålesund.
Som tidlegare er det tilbod om køyretøykontroll i hall etter behov for både lette og tunge køyretøy i Ørsta. Statens vegvesen opplyser at det per 22.9. er ledig time for kontroll for lette køyretøy denne veka, medan fyrste ledige time for tunge køyretøy er 6. oktober, dvs. ei ventetid på 10 dagar. Til og med august er det kontrollert 339 køyretøy ved trafikkstasjonen. Av desse var 296 lette køyretøy.
Når det gjeld trafikkontroll, opplyser Statens vegvesen at dei i 2022 har gjennomført fleire felleskontrollar med politiet i nærområdet til Ørsta/Volda. Ved desse kontrollane har det vore lagt mest vekt på lette køyretøy, motorsyklar og såkalla ATV. I tillegg blir det gjennomført fleire kontrollar frå den faste kontrollplassen Statens vegvesen har på Dragsund i Herøy. Her har det fyrst og fremst vore kontrollert tyngre køyretøy og køyretøy i næring, men det er også kontrollert person- og varebilar.