Sveinung Rotevatn (V): Kan statsråden gjere greie for korleis svikten i energiforsyninga i Longyearbyen 24. november 2021 kunne skje, korleis situasjonen har blitt granska i ettertid og kva grep som er tatt for å hindre at noko liknande skjer igjen?
Begrunnelse
24. november 2021 forsvann straumen i Longyearbyen. Dette er for så vidt ikkje ei uvanleg hending, det som derimot var uvanleg var at reserveløysinga heller ikkje fungerte, sidan det var feil type brennstoff i dieselkraftverket, og at det difor tok uforholdsmessig lang tid før energiforsyninga var oppe og gjekk igjen.
Ansvaret for energiverket i Longyearbyen ligg til lokalstyret. Ei trygg energiforsyning er sjølvsagt eit viktig beredskapsspørsmål alle stadar i landet, men ikkje minst er det viktig i eit isolert og vêrhardt lokalsamfunn som Longyearbyen. Innbyggjarane skal vere trygge på at energiforsyninga er stabil, og at reserveløysingar fungerer dersom hovudforsyninga skulle svikte. Eg ber statsråden om å greie ut om kva som var bakgrunnen for at ein kom i ein situasjon der reserveløysinga ikkje fungerte, korleis dette har blitt granska av lokalstyret, sysselmeisteren og/eller departementet i ettertid, og kva som har blitt gjort for å sikre beredskapen for framtida.