Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til fiskeri- og havministeren

Dokument nr. 15:2976 (2021-2022)
Innlevert: 23.09.2022
Sendt: 23.09.2022
Besvart: 30.09.2022 av fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Er statsråden nøgd med sakshandsamingstida til Mattilsynet, når det tek 2-3 år før det er forventa at ein klage vert handsama, og kva vil eventuelt statsråden gjera dersom han ikkje er nøgd med ei slik lang sakshandsamingstid?

Begrunnelse

Erko settefisk sitt anlegg på Stord var først ute med produksjon av postsmolt i sjøvatn på land. Bedrifta søkte om auke av produksjonen av settefisk frå fem millionar til 20 millionar. Samstundes søkte Stord Havbrukspark AS om konsesjon om produksjon av 15.000 tonn matfisk på land. Det lokale Mattilsynet avslo søknadane, og selskapa klaga inn vedtaka, noko som førte til at postsmoltanlegget fekk medhald i klagen. Samstundes vart Stord Havbrukspark sin klage sendt over til Mattilsynet sitt hovudkontor i Oslo for endeleg avgjerd, ei avgjerd (avslag) som kom i 2019. Korrigert søknad vart deretter sendt, basert på innspel frå Mattilsynet lokalt. Den vart likevel også avslått lokalt, og deretter påklaga. Denne klagen ligg framleis til handsaming hjå Mattilsynets hovudkontor.
Klagar har fått melding om at Mattilsynet er under omorganisering, og at det er oppretta ei eiga eining for klagesaker, og at dei kan forvente å få klagesaka si opp til handsaming 31 januar 2023.
For ei bedrift er det sjølvsagt svært krevjande å forholde seg til slike lange handsamingstider. Planar, investeringsbudsjett, teknologiutvikling og arbeidsplassar vert sett på vent. Dette synes ikkje å vera god samfunnsøkonomi.

Bjørnar Skjæran (A)

Svar

Bjørnar Skjæran: For meg er det viktig at den som har klaga på eit vedtak skal få saka avgjort så effektivt som mogeleg. Eg har derfor ein klar ambisjon om å få ned sakshandsamingstida. Dette er eit område Mattilsynet har særskild fokus på.
Mattilsynet har nyleg gjennomgått ei omfattande omorganisering ved hovudkontoret. Eit av måla for omorganiseringa var ei meir effektiv og einsarta sakshandsaming, også i klagesaksarbeidet. Som representanten er inne på, er det mellom anna oppretta ein særskild klagesakseining for å styrkje dette arbeidet. At klagesaker no vert avgjorde ein stad i Mattilsynet, gir høve til å sjå dei i samanheng, og sikre god prioritering og kunnskapsutveksling mellom fagområda.
Klagesakseininga vart oppretta 1. mai 2021, og eininga overtok då i underkant av 300 klagesaker. Det ligg ei klar utfordring knytt til etterslepet av saker som er blitt gamle, og Mattilsynet får framleis fleire nye klager enn dei har klart å behandle.
Mattilsynet har dei siste åra hatt ein krevjande ressurssituasjon, noko som har påverka sakshandsamingstida for klagesaker. Regjeringa har styrkt Mattilsynet, og tilsynet har i løpet av sommaren og hausten 2022 utvida kapasiteten i klagesakseininga. I denne samanhengen vil eg òg nemne at tre av dei nytilsette saksbehandlarane har akvakultur som den faglege bakgrunnen, noko som vil styrkje klageeininga på det akvatiske området. Eg forventar at dette vil medverke til at sakshandsamingstida hos Mattilsynet vert kortare.