Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2990 (2021-2022)
Innlevert: 23.09.2022
Sendt: 26.09.2022
Besvart: 03.10.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Regjeringa har i Hurdalsplattforma sagt at ein vil oppretthalde eksisterande lufthamnstruktur. Det må også bety at det skal vera flydrift på alle flyplassar.
Korleis tenker statsråden å garantere for flydrift på dei flyrutene (og flyplassane) som i dag ikkje er omfatta av FOT-ruter, og på spørsmål frå underteikna har vi fått svar på at FOT-ruter tidlegast kan vurderast på Stord-Oslo ruta i 2024, så korsleis ser statsråden då for seg at flydrift på denne flyplassen er garantert fram til 2024?

Begrunnelse

Basert på regjeringa sitt standpunkt om å oppretthalde eksisterande lufthamnstruktur, ligg det her ei forventning om at desse flyplassane også skal ha flygingar til og frå flyplassen. Dette er garantert gjennom FOT-ruter på dei aller fleste flyplassar som ikkje er dekka gjennom kommersielle ruter som ber seg sjølv. Stord lufthamn er eit av svært få unntak der DAT flyg på eigen risiko utan statlege garantiar.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Staten tek i dag ansvar for å oppretthalde eit omfattande nettverk av 44 lufthamner eigd av Avinor. Staten sitt ordinære kjøp av flyrutetenester har hittil vore atterhaldt desse lufthamnene. Samferdselsdepartementet forvaltar det statlege eigarskapet til Avinor, og Stortinget avgjer kva lufthamner Avinor skal eige og drive. Stord lufthamn inngår ikkje i det statlege luthamnnettverket.
I staden for kjøp av flyrutetenester har staten sikra økonomisk støtte til dei ikkje-statlege lufthamnene. Stord Lufthamn får i dag støtte frå Vestland fylkeskommune, etter at fylkeskommunen som eit ledd i regionreforma overtok tilskotsansvaret og budsjettmidlane frå Samferdselsdepartementet frå 1. januar 2021.