Alfred Jens Bjørlo (V): Finansministeren har opplyst at den samla skatteauken for havbruksnæringa som følgje av forslaget om innføring av grunnrenteskatt, vil bli på 3,65-3,8 mrd. NOK i 2023.
Kva føresetnader bygger dette anslaget på, jamfør at store aktørar i næringa og uavhengige analytikarar anslår at samla auka skattebelasting kan bli minst 10 mrd. NOK?
Begrunnelse
Det har kome svært sterke reaksjonar frå ei samla havbruksnæring og lokalsamfunn langs kysten på regjeringa sitt framlegg om innføring av ein høg grunnrenteskatt på havbruk, som vil kome på toppen av m a skjerping av formueskatt og verdifastsetjingsgrunnlag som Ap/Sp-regjeringa og deira støtteparti SV innførte i statsbudsjettet for 2022, og evt. ytterlegare skatteskjerping i statsbudsjettet for 2023.
Senterpartiets ordførar i Salangen, Sigrun Wiggen Prestbakmo, oppsummerer konsekvensane av regjeringa sin politikk slik:
«Store deler av industrien langs kysten vil rammes. Lokalsamfunnene vil stå igjen som taperne.»
MOWI har no lagt fram berekningar som syner at den samla provenyen for laksenæringa som følgje av regjeringa sin modell for grunnrenteskatt, vil bli på anslagsvis 10 milliardar NOK i 2023, ikkje 3,65-3,8 mrd. NOK slik finansministeren tidlegare har opplyst. Reknestykket og alle føresetnader for dette er presentert i sak i E24 3. oktober.
Skilnaden mellom desse anslaga er dramatisk, og kan vere med å forklare kvifor verdien av alle børsnoterte sjømatselskap har rast etter at regjeringa sitt forslag vart lagt fram, samtidig som ei rekke investeringsplanar rundt om i kyst-Noreg er lagt på is og fleire selskap har trekt planar om kjøp av ny kapasitet/biomasse.
Av omsyn til både sjømatnæringa, kystsamfunna våre og Noregs truverde internasjonalt som investeringsland er det viktig raskast mogleg å få avklart kvifor det er så stort sprik i regjeringa og næringa sine anslag over dei økonomiske følgjene av forslaget om innføringa av grunnrenteskatt.