Liv Kari Eskeland (H): Kva vil statsråden gjere for å auke gjenvinningsgraden av landbruksplast, og korleis vurderer statsråden moglegheita for ei panteordning eller tilsvarande for å sikre at nær 100 % av landbruksplast vert samla inn?
Begrunnelse
I følge Noregs Bondelag vart det i 2019 omsett over 13 000 tonn med landbruksplast, medan 19 000 tonn vart sendt til gjenvinning. Dette utgjer omlag 85 % av landbrukspalsten. Årsaka at det er fleire tonn som bli levert i retur er at plasten ikkje er rein, men inneheld stein, sand og liknande. Råvaresituasjon har gjort at prisen på plast har auka den siste tida, difor bør vi søke å hente inn enno meir av den brukte landbruksplasten. Bondelaget sjølv meiner at innsamlingsandelen kan bli opp mot 100 %, eit mål som vi bør jobbe mot.