Skriftlig spørsmål fra Olve Grotle (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:32 (2022-2023)
Innlevert: 05.10.2022
Sendt: 06.10.2022
Besvart: 13.10.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Olve Grotle (H)

Spørsmål

Olve Grotle (H): Kan statsråden forsikra at det ikkje er mogeleg å få gjennomført arbeidet innanfor nokolunde same tidshorisont som nå skissert, og likevel greie å halde vegen delvis open, kan statsråden forsikra at alle omsyn til lokal, regional og nasjonal trafikk blir vurdert før ein eventuelt går inn for å stengja tunnelen fullstendig eit heilt år, kan statsråden forsikra at beredskap og tenestetilbod i regionen minst skal vera på same nivå som no, og kan statsråden forsikra at alle aktuelle omkøyringsvegar har forsvarleg standard?

Begrunnelse

Prosjektleiar Stig Berg Thomassen for Tunneloppgradering Vest i Statens vegvesen har i følgje Sogn Avis 27. september 2022 sagt at det er aktuelt å stengja Lærdalstunnelen i eitt år i samband med den oppgradering Stortinget har gjort vedtak om.
Lærdalstunnelen på E16 har døgntrafikk på ca. 2 000 og er heilt sentral i trafikken mellom Oslo og Bergen og regionalt i Vestland fylke. Tunnelen etablerte og nytt felles bu og arbeidsområde i Indre Sogn. Det er få og dårlege alternativ for omkøyring.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Den førebelse planen for oppgraderinga av Lærdalstunnelen er eitt år med full stenging og deretter to til tre års nattstenging med moglegheit for planlagde kolonnar. Opphaveleg plan var fem til seks år med nattestenging av vegen mellom kl. 22.00 og kl. 06.00.
Detaljplanlegginga for tunnelen har omfatta vurdering av både geologi, arbeidsmiljø/HMS og ei forsvarleg anleggsgjennomføring.
Lærdalstunnelen har store bergspenningar (sprakefjell) og det ligg difor føre eit omfattande behov for sikring. Sprakefjell kan gjere at store delar av berget brekkast ut med stor kraft. Slike hendingar kan skje heilt vilkårleg alt etter frigjering av spenningar i berget. Det er difor utfordrande, om ikkje umogleg, å garantere fast opning av vegen mellom kl. 06.00 og kl. 22.00. Det vil gje stor usikkerheit om tunnelen faktisk er open.
Samla sett skal det takast ut meir enn 200.000 kubikkmeter med berg for å gi plass til 26 tekniske bygg, 48 planlagde evakueringsrom, havarilommer, snunisjer med vidare. I denne bergtypen representerer dette svært krevjande anleggsarbeid, og ein er nøydd til å ha god sikring både for arbeidarane og trafikantane som blir losa inn i tunnelen.
Det er fleire moment som talar for heilstenging i eitt år: For det fyrste må brukarane av tunnelen vite om tunnelen er open eller stengt. Ved å stenge fast kan ein unngå timelange køar på E16 og på lokalvegnett både i Aurland og Lærdal av bilar som ventar på mogleg opning etter nattskift. Ein vil i verste fall kunne lamme lokalsamfunnet og nytta av E16.
Vidare har kolonneoppstillingsplassane som vert planlagt og skal byggjast, berre plass til nattoppstilling. I tillegg er sikkerheit for arbeidsfolk og trafikantar noko som må prioriterast. Vi kan ikkje risikere at sikkerheita vert redusert fordi ein blir pressa på tid mot dagleg opning.
Heilstenging vil òg føre til meir effektiv drift av anlegget. Entreprenøren slepp å fjerne maskiner og utstyr i tunnelen mens tyngre anleggsarbeid står på. Vidare vil heilstenging gje vesentleg kortare anleggsperiode totalt sett, om lag eitt til to års reduksjon.
Endeleg vil eg peike på at trafikkavviklinga i åra etter heilstenginga vert langt enklare og meir føreseieleg. Det vil gi reduserte ulemper for trafikantane og samfunnet samla sett.
Det blir vurdert ulike avbøtande tiltak for å redusere dei utfordringane anleggsdrifta kan skape for lokaltrafikken. Hurtigbåt, tilbringarløysingar, forsterka vedlikehald og beredskap på alternative vegruter som rv. 7 og fv. 50 er mellom dei forholda som vil bli sett nærmare på. Ved å utføre sprengingsarbeidet samla det fyrste året vil det gi opning for å planlegge kolonnar ved seinare nattestenging i etterfølgjande år. Grunnen til det er at risikoen med bergnedfall vil vere tilnærma fjerna. I tillegg vil tiltak på den sommaropne turistvegen over Aurlandsfjellet bli vurdert i dialog med Vestland fylkeskommune.
Eg vil òg presisere at det vil det vere tett dialog med kommunar, næringsliv, blålysetatar, helsevesen, fylkeskommune og internt i Statens vegvesen. I den samanheng syner eg til at det vart halde eit felles møte mellom Statens vegvesen og politisk leiing i Aurland og Lærdal kommunar så seint som 22. september med detaljert gjennomgang av status for prosjektet.