Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:114 (2022-2023)
Innlevert: 14.10.2022
Sendt: 14.10.2022
Besvart: 20.10.2022 av forsknings- og høyere utdanningsminister Ola Borten Moe

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Kva vil regjeringa gjere for å sikre at forskarar som er i Noreg under ordninga «Scholars at risk» og som er i reell fare for å bli utsett for trugsmål om vald, tortur, fengsling eller forfølging i sitt heimland, kan vere trygge på at deira personvern blir ivaretatt og sensitive personopplysingar ikkje kjem på avvegar medan dei oppheld seg i Noreg?

Begrunnelse

Studentavisa Universitas har den siste tida hatt fleire saker om at personopplysingar om forfølgde forskarar ved UiO låg ope tilgjengeleg på nettet i over ett år. Forskarane er i Noreg gjennom det internasjonale nettverket Scholars at Risk, som er ei internasjonal ordning for å hjelpe akademikarar som er utsett for trugsmål om vold, tortur, fengsling på feilaktig grunnlag eller forfølging i sine heimland. Det er difor potensielt svært alvorleg at sensitive opplysingar om desse personane kan kome på avveie.
Fleire andre universitet og høgskular i Noreg er også inne i Scholars at Risk-programmet. Følgeleg vil også dei handsame tilsvarande sensitive personopplysingar. Datatilsynet har vurdert den konkrete saka knytt til UiO, men har så langt eg er kjent med ikkje tatt initiativ for å undersøke om det ligg føre tilsvarande eller andre trugsmål mot tryggleiken for sensitive personopplysingar for personar som er i Noreg under Scholars at Risk-ordninga ved andre norske utdanningsinstitusjonar.
Eg vil oppmode departementet om snarast å få oversikt over kva rutiner som er etablert for å sikre personvernet til alle forskarar som er i Noreg under Scholars at Risk-programmet, og forsikre seg om at det ikkje ligg føre tryggleikssvikt ved nokon av institusjonane som nyttar ordninga. Dette er viktig både for personane det gjeld, for legitimiteten til Scholars at Risk-programmet, og for at Noreg skal vere eit land fleire forfølgde/trua akademikarar kan oppleve det som trygt å søke tilflukt til i framtida.

Ola Borten Moe (Sp)

Svar

Ola Borten Moe: Scholars at Risk er eit anerkjent og viktig nettverk som byrja i USA i 1999. Noreg var tidleg ute med å etablere dette nasjonalt. No har nettverket over 500 institusjonar i 40 land som deltakarar. Alle universiteta, ein del høgskolar, eit forskingsinstitutt (CMI), i tillegg til Studentene og akademikernes internasjonale hjelpefond, Universitets- og høgskolerådet og Forskerforbundet er med i SAR-Norge.
SAR-Norge arbeider for å promotere og verna akademisk fridom og andre kjerneverdiar i høgare utdanning, gjennom opplæring og informasjonsarbeid, overvaking og rapportering av overgrep, og ikkje minst ved å skaffe vern for utsette akademikarar ved å tilby eit tidsavgrensa opphald på ein annan høgare utdanningsinstitusjon. Akademisk fridom er under større press i fleire land enn før.
Ei rekkje norske institusjonar har eller har hatt SAR-akademikarar. Deltaking og finansiering ligg på den enkelte institusjon. Kunnskapsdepartementet støtta arbeidet til Scholars at Risk Norge med 1,3 mill. kroner for åra 2019-2020.
Det er vidare slik den enkelte institusjon har ansvaret for ei trygg og god gjennomføring av opphaldet til utsette akademikarar. Institusjonane har ansvaret for å ivareta personvernet til alle sine tilsette. Det ligg i namnet Scholars at Risk, at dette er særleg viktig for denne utsette gruppa. Regelverket er tydeleg, og det som skjedde ved Universitetet i Oslo er eit uheldig tilfelle av svikt i rutinane. Då feilen vart oppdaga, så meldte universitetet det som avvik til Datatilsynet, slik dei har plikt til.
Ansvaret for informasjonstryggleik og personvern er, i tillegg til at det er nedfelt i regelverk, også eit viktig tiltaksområde i Strategi for digital omstilling i universitets- og høyskolesektoren, 2021-2025. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse lagar kvart år ein risiko- og tilstandsrapport på dette området, den siste kom i juni 2022. Der er det også tilrådingar til korleis arbeidet kan styrkast. Departementet føreset at institusjonane arbeider aktivt med desse tilrådingane.
Arbeidet med informasjonstryggleik og personvern er viktig, og enno viktigare i dag i lys av det endra trusselbiletet i verda. Departementet følgjer dette arbeidet nøye.