Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:126 (2022-2023)
Innlevert: 15.10.2022
Sendt: 17.10.2022
Besvart: 25.10.2022 av utenriksminister Anniken Huitfeldt

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Gitt den noverande atomtrusselen i Europa, vil regjeringa stemma for FN-resolusjonen som seier at atomvåpen har katastrofale humanitære konsekvensar og at det er i menneskeslekta si interesse at atomvåpen aldri blir brukt igjen, under nokon omstende?

Begrunnelse

I Hurdalsplattformen seier regjeringa at dei vil «øke Norges innsats for kjernefysisk nedrustning» og «ta initiativ til å fokusere på de humanitære konsekvensene av atomvåpen». Likevel trekte Noreg seg frå ei fellesfråsegn om dei humanitære konsekvensane av atomvåpen som vart lagt fram under tilsynskonferansen til Ikkje-spreiingsavtalen i august. Seinare i oktober skal det stemmast over ein tilsvarande resolusjon om dei humanitære konsekvensane av atomvåpen i FNs generalforsamling. To andre Nato-land, og Sverige og Finland, har tidlegare stemt for denne resolusjonen.

Anniken Huitfeldt (A)

Svar

Anniken Huitfeldt: Arbeidet med humanitære konsekvensar er særs viktig for regjeringa. I hovudinnlegget vårt til FN sin 1. komité for nedrusting og internasjonal tryggleik sa vi følgjande:

«Ein kvar bruk av kjernevåpen ville hatt globale konsekvensar. Dei humanitære og miljømessige konsekvensane ville verte katastrofale. Ja, det er i interesse for heile menneskeslekta si overleving at kjernevåpen aldri blir brukt igjen. Ein kjernevåpenkrig kan ikkje vinnast, og må aldri utkjempast. Vi kan difor ikkje tillate at terskelen for bruk av kjernevåpen vert senka. Vi må oppretthalde vår innsats for å senke risikoen og bane veg for framtidige nedrusting- og rustningskontrollavtalar.»

FNs 1. komité for nedrusting og internasjonal tryggleik handsamer ei lang rekkje av resolusjonar og vedtak. I år er det lagt fram heile 76 slike, som komiteen skal ta stilling til frå 28. oktober.
Noreg støtter opp fleire resolusjonar som er viktige for å fremja konkrete tiltak for nedrusting, og for å arbeide for målet om ei verd utan kjernevåpen. For fleire av resolusjonane er det framleis tingingar om den endelege teksta.
I ei tid med krig i Europa og truslar frå Russland om bruk av kjernevåpen, legg regjeringa stor vekt på samhald og solidaritet med våre NATO-allierte.
Regjeringa vil ta endelig avgjerd om norsk stemmegjeving på dei ulike resolusjonane i dagane føre votering finn stad.