Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:133 (2022-2023)
Innlevert: 16.10.2022
Sendt: 17.10.2022
Besvart: 26.10.2022 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): I februar 2022 opplyste Kommunalministeren i svar til underteikna at departementet heldt på å gå gjennom innspela i høyringsrunden av regjeringa Solberg sitt framlegg om forenkla regelverk for mikrohus til bustadføremål, med sikte på å klargjere vidare oppfølging. No har det gått åtte månader til, og det er heile 13 månader sidan høyringa var ferdig.
Er statsråden nøgd med tempoet i departementet sitt arbeid med saka, og kjem det snart på plass eit forenkla regelverk for mikrohus i tråd med framlegget frå regjeringa Solberg?

Begrunnelse

Regjeringa Solberg sende i juni 2021 ut på høyring framlegg til forenkla reglar for mikrohus. Framlegget gjekk mellom anna ut på forenkla reglar i byggteknisk forskrift (TEK17) og byggesaksforskrifta (SAK10), gjeldande for frittliggande mikrohus til bustadføremål med maksimalt bruksareal på 30 m². Høyringsfristen for framlegget var i september 2021.
Eg stilte i februar 2022 spørsmål til departementet om framdrifta i arbeidet med det nye regelverket (Dokument nr. 15:1115 (2021-2022)). I svaret står m.a. følgjande:

«Departementet går nå gjennom innspela, med sikte på snarast råd å klargjere korleis høyringsframlegget skal følgjast opp.»

No skriv vi oktober 2022, og så langt eg er kjent med er det enno ikkje kome på plass nytt regelverk. Etter mitt syn er det svært uheldig at prosessen trekk så langt ut i tid. Nye, enklare reglar for mikrohus må på plass raskast råd, for å legge til rette for at mikrohus blir eit meir attraktivt bualternativ for rimelege og miljøvenlege bustader med låg energibruk.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Regelverket bør leggje til rette for at folk kan velje ulike buformar, og reglane bør ikkje unødvendig hindre at dei som ynskjer det, kan bu i mikrohus. Samstundes skal reglane verne om fleire omsyn. Det er mellom anna viktig å sørgje for at dei som bur i mikrohus har eit godt forbrukarvern, og at kommunane har gode høve til å styre arealbruken.
Reglar bør helst vere stabile over tid, og ikkje endrast for ofte. Det er derfor viktig at vi vurderer moglege effektar grundig før vi endrar reglar. Høyringa om mikrohus løfta fram ulike omsyn som vi må vurdere nærare. Departementet kjem tilbake til saka når ho er ferdig behandla.