Alfred Jens Bjørlo (V): Landbruksministeren sa i NRK sitt debattprogram Dagsnytt 18 fredag 14. oktober at «Vi hadde aldri fått til en strømstøtte til norsk landbruk hvis vi hadde vært EU-medlem. Det er en unik ordning som Norge er alene om å ha.»
Kva dokumentasjon har statsråden for denne påstanden?
Begrunnelse
Det er uklart kva grunnlag statsråden har for å påstå at det hadde vore umulig å få på plass straumstøtte til norsk landbruk innanfor EU. Etter det eg er kjend med, har fleire EU-land innført slik støtte. Mellom anna vedtok Finland i mars i år ein støttepakke til landbruket i samband med energikrisa på 219 millionar Euro, pluss eit midlertidig fritak frå eigedomsskatt for gardsbygningar, for å betre økonomien til finske bønder. Også andre EU-land har innført økonomiske støtteordningar for å hjelpe sitt landbruk med å handtere høge energiprisar.