Ingrid Fiskaa (SV): Kva vil regjeringa gjera for å bidra til å stansa det pågåande massemordet på hazarafolket i Afghanistan?
Begrunnelse
30. september 2022 tok eit sjølvmordsangrep liva til 54 unge elevar og studentar og påførte 126 andre alvorlege skadar. Eit stort fleirtal av desse var jenter. Hendinga skjedde i bydelen Dasht-e Barchi i Kabul, der det bur flest hazarar. Det nøyaktige målet for angrepet var utdanningssenteret Kaaj, der fleire hundre elevar sat og førebudde seg på inntaksprøvene til universitetet.
Hazarafolket er ein historisk forfølgd og undertrykt etnisk og religiøs minoritet i Afghanistan. I dei 20 åra mellom dei to Taliban-styra opna det seg moglegheiter for hazarafolket til å bryta med ein lang periode med undertrykking, gjennom utdanning og engasjement i sivilsamfunnet. Dette har nå skapt eit nytt lag med sårbarheit fordi det blei oppfatta som hazarane si tilknyting «til ein vestleg agenda», slik det står i Godal-rapporten frå 2016, «En god alliert – Norge i Afghanistan 2001–2014».
Angrepet på Kaaj utdanningssenter er det siste av ei omfattande, systematisk og målretta angrepsbølge på hazarafolket i Afghanistan. Sidan 2010 er det registrert over 50 angrep på hazarafolket, på ferdselsårer, skular, kultursenter, moskear, sjukehus og bryllaup i tettbefolka hazaraområde, med Dasht-e-Barchi vest i Kabul som hovudangrepsområde. Ofra er for det meste frå den unge og utdanna generasjonen hazarar.
Taliban si maktovertaking i august 2021 har innleia ei ny forverring av hazarane sin situasjon. Taliban har hatt ei tydeleg fiendtleg haldning til hazarafolket, både verbalt og fysisk, heilt sidan den første perioden deira ved makta (1996-2001). Ein rapport frå medlemmer av det britiske parlamentet lansert i september 2022, legg fram dokumentasjon på at hazarafolket i Afghanistan står i fare for å bli utsett for folkemord.
Denne trusselen har omtrent ikkje blitt nemnt i den norske debatten dei siste åra. Det er nå heilt tydeleg at hazarafolket treng vern og tiltak som stansar det systematiske massemordet. Noreg har vore sterkt involvert og har god ekspertise på Afghanistan. Likevel har det vore overraskande stille om dette temaet. Nå hastar det at norske styresmakter brukar den kunnskapen og dei diplomatiske ressursane dei har for å setta i verk tiltak som kan hindra den alvorlege faren som truar heile hazarafolket.