Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram ei oversikt over kva prosjekt Nye Veier as har under oppdrag pr. i dag, og kva som skal gjennomførast neste år jamf. regjeringa sitt statsbudsjettframlegg?
Begrunnelse
I framlegg til statsbudsjett frå regjeringa kjem det fram at løyvinga til Nye Vegar as, går ned frå ca. 6,4 milliard kr i 2022 til 6,1 milliard kr for 2023.
Regjeringa viser til at Nye Veier as skal gjennomføre sine prosjekt samt at det er åpna opp for nye prosjekt som kan setjast i gang. Døme på dette er E-136 gjennom Romsdalen. Usikkerheita ligg derimot på om Nye Veier as har kapital til å gjennomføre det dei har planlagt og i tillegg kunne realistisk starte opp nye prosjekt, så lenge regjeringa faktisk har kutta i den økonomiske ramma til Nye Veier as for 2023.